Handballgruppa i Fj/V har gjenoppstått!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Mai 2015


Hege Roth-Andenæs i kjend positur i Firdahallen.

For alle som er glade i handball: Handballgruppa i Fjellhug/Vereide har stått opp igjen "frå dei døde" etter at den vart nedlagt på det ordinære årsmøtet i mars.

På ekstraordinært årsmøte greidde ein å få nok tillitsvalde til at gruppa er liv laga. Hege Roth Andenæs tek over som leiar, og får med seg Ingrid Gimmestad som nestleiar. Unni Aske Vereide og Anne Kristin Vollstad blir styremedlemmer. Arvid Gimmestad vara.

Fjellhug/Vereide il ønskjer den nye gruppa lukke til!

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline