Fleire frå Fj/V vart klassevinnarar i Trollenykjen opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Jun 2015

Trollenykjen opp vart arrangert i går,søndag 14.juni på Eid. Dette løpet er eit av 3 i karusellen ilag med vårt eige Svinestrandsløp, som går no komande søndag,21.juni. Det siste løpet i karusellen er Vetenløpet i Bremanger seinare i sommar.

Det var ein fin gjeng frå Fjellhug Vereide som deltok på Trollenykjen opp. det var ein del snø i øverste del av løypa, men ikkje noke å seie på innsatsen til dei som var med.

Ein fin gjeng på toppen av Trollenykjen på Eid.

Sverre Nesdal Aske vann klassa 40-44 år og fekk 2 beste tid totalt.
Malin Aske vann jenter 12-13 år, Even Nesgård vann 14-15 år og tek vi med skiløparane våre (som representerer STIL om sommaren ) Andreas Rauset klasse 18-19 år og Eirik Rauset 16-17 år var det kjempe flott innsats.



Resultatliste: http://www.trollenykjen.no/







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline