Orientering: To KM-gull til Fjellhug/Vereide!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Jun 2015





Søndag 14.juni var det KM mellomdistanse i Hafslo. Her blei det to gull til Fjellhug/Vereide. Magnar Slagstad gjekk til topps i H13-14, og tok med det ein forholdsvis klar siger og sitt andre KM-gull for sesongen. Klassa hadde 6 deltakarar.

Vidar Eide vann klasse H50 8 sekund føre andremann. Her var det 8 deltakarar. Magnus Eide vart nummer 4 i H15-16.

Magnar og Magnus deltok i forkant av KM på ungdomssamling i regi av Sogn og Fjordane Orienteringskrins. No ser dei framover til årets høgdepunkt Hovedløpet i Larvik i august. Der er alle dei beste 13-16 åringane i landet samla for å konkurrere i sprint, langdistanse og stafett.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.