Dei mest uheldige på Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Jun 2015




Dei to karane midt på biletet var vel dei mest uheldige under dagens Svinestranda Opp. Jan Karsten Nygård og Oskar Fjelldal (nr. 15) gjekk begge overende to sekund etter at dette biletet var teke, og begge fekk seg skikkelege trøkkar. Jan Karsten fekk hardast medfart, med fleire tenner liggande igjen på brusteinane, medan Oskar måtte sy eit par sting i haka.

Vi har snakka med begge i kveld, og dei seier dei har det bra, og vil vere med på neste løp i SFE--karusellen; Veten-løpet om tre veker. Jan Karsten prisar seg lukkeleg for forsikringsdelen som ligg i friidrettslisensen, då det absolutt kan kome på nokre kroner å få skikk på tennene igjen. Noko å tenkje over for dei som motarbeider lisenssystemet.

Vi ønskjer god betring til desse, og seier også takk til Laila Therese Nesdal for resolutt opptreden då uhellet inntraff, og til Arne Klakegg som følgde dei litt opp på legesenteret!



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline