Svinestranda Opp: Ei stor takk til sponsorar og andre!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Jun 2015

Vinnarane 2015: Eli Anne Dvergsdal og Sindre Hoff


Ei stor takk til dei som var sponsorar, og ytte gåvepremiar til Svinestranda Opp 2015! Sponsorane våre var:



BANO, Sparebankstiftinga SSF, Nordfjord Laks, Advokatkontoret Lothe, Mardal & Gjengedal, Huseiernes Landsforbund, Tannlege Seim, Entreprenør Olav Hjelmeset og Leif Arne Austrheim.

Premiesponsorane våre finn du på denne lista: Gåvepremiar 2015.docx , ei flott liste med over 60 butikkar og næringsdrivande i Gloppen!



Fjellhug/Vereide il, friidretts- og trimgruppa, takkar også så mykje funksjonærar og medhjelparar som tok eit tak for Svinestranda Opp! Alle dei gode tilbakemeldingane deler vi med dykk! Vi både håpar og trur at de, saman med dei støttespelarane som er nemnde over, og i gåvepremielista, også vert med i 2016!



Biletet: Vinnar av dameklassen, Eli Anne Dvergsdal mo mål. Foto Inger Halldis Aske, Firda Tidend




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline