Fjellhug/Vereide arrangerer langdistanse-KM, m/ innbyding

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Aug 2015




Søndag 23.august vert KM langdistanse avvikla på Engesetåsen med start og mål på Austrheimsstøylen. Gratis deltaking for alle frå Fjellhug/Vereide.

Flott om mange frå Fjellhug/Vereide stiller på dette. Nybyrjarløype for dei som ikkje er så røynde. Sjå innbyding for løypelengder og anna informasjon.
Innbydinga:

INNBYDING



Fjellhug/Vereide IL ynskjer velkomne til KM orientering, langdistanse

søndag 23. august 2015.

På Austrheimsstøylen, Engesetåsen. Merka frå E39 mellom Kleivedammen og Vereide. Bomveg (hugs kontant kr 40), ca 20 min å køyre frå E39.

Første start: kl 13.00
Kart: Engesetåsen, utgjeve 1995. Nokre endringar i 2015.

KM-klasser:

7 km A: H17

4,9 km A: D17, H15-16, H50

3,6 km A: D15-16, D50, D60, H60

2,9 km A: D70, H70

2,3 km C: D13-14, H13-14


Ikkje KM-klasser:

2,3 km C: D10-12, H10-12, C-open

1,8 km N: N-open


Påmelding:

Namn, klasse, idrettslag og brikkenummer til vidar.eide@enivest.net

innan onsdag 19.august


Påmeldingsavgift:

Løparar t.o.m 16 år kr 65,-. Tillegg etterpåmelding kr 30,-

Løparar f.o.m. 17 år kr 110,-. Tillegg etterpåmelding kr 60,-.

Brikkeleige: kr 25,-

Premiering:

Premie til alle t.o.m 12 år. Medaljar i KM klasser. Andre klasser 1/3.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline