Regionsleikar i friidrett 8-12 år - utsett påmeldingsfrist

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Sep 2015

NB: Påmeldingsfristen er forlenga til fredag 11. sept. kl 18.00

Her er innbydinga til Regionsleikane






Regionsleikane 8 - 12 år


Friidrett:



Fjellhug/Vereide il inviterer til Regionsleikar i friidrett 8-12 år på Byrkjelo Stadion

Søndag 13. september kl 14.00

Regionsleikane har tradisjonelt vore eit stemne for Nordfjord, men i og med at det i år ikkje var krinsleikar under KM, inviterer vi no heile krinsen til stemnet på Byrkjelo.

Dette er eit «3-kamp»-stemne, med øvingane 60 m – lengde –liten ball på programmet, og der alle i utgangspunktet er med på alle tre øvingane.Skulle nokon av ein eller annan grunn ikkje ønskje å vere med i ei øving, er det sjølvsagt ok.

Vi har rimelege startpengar; kr 100,- for øvingane samla!

Påmelding gjer de ved å sende ein epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net seinast torsdag 10. september. Vi treng informasjon om fødselsår, namn og klubb.

Regionsleikane-medalje til alle!

Det har vore ønskt ein 600 m i tillegg til den tradisjonelle trekampen.Påmelding på den kostar kr 40,- i startpengar.

Startpengar overførast til konto 3710.30.87512.

Vel møtt til eit av dei siste friidrettsstemna på bane for i år!Nytt sjansen på den flotte jr-NM-arenaen!





Kontaktperson:Dagfinn Nyhammer – mobil 41227968



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline