Seriestart

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Okt 2015






I dag var det sesongstart for Fjellhug Vereide sitt damelag i volleyball 3.divisjon.
Vår fyrste kamp var mot eit ungt Jølsterlag. Vi starta ganske greit, men etterkvart rota vi det litt til. Halvparten av laget er nye i Fjellhug Vereide-drakta so vi trengde litt tid for å finne samspelet. Likevel drog i land ein god seier 3-1(25-18,25-22,16-25,25-20). I kamp nr. 2 møtte vi Florø, som stiller lag for første gong på mange år. Her hadde vi stålkontroll og vann lett 3-0(25-19,25-8, 25-14). Eg var imponert over at vi klarte å halde nivået oppe gjennom heile kampen og til og med spele betre og betre med innøvde variantar angrepsspel. På bildet bak frå venstre: Malin Stubhaug, Helen Tyssekvam, Ema Imbrasaite, Mariann Johansen og Ingeborg Raftevold. Framme frå venstre: Jenny Daling Korsøen, Ragnhild Gimmestad, Guro Stemland Eide og Bodil Reed Hammersland.


Ragnhild


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.