Fjellhug Vereide har nå fornya samarbeidsavtala med G-sport.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Nov 2015

Klubben får 20% på standarsortiment i butikken med unnatak av gåvekort, tilbod-/salsvarer.

Som medlem i Fjellhug Vereide vil du få 15% rabatt på standard varesortiment i butikken med noko få unnatak.

-Tilbod/salsvarer - allereie nedsette/rabatterte varer, pakkeløysingar og spesielt markedstilpassa priser.

-Våpen, ammunisjon, optikk, elektronikk, og tilsvarande netto prisa varer.

-Gavekort/verdikort

-Netthandel o.l., kun ved direkte kjøp ved oppmøte hos G - sport Sandane


Korleis kan du få desse rabattane?

Nytt av året er at G-sport delar ut klubbkort som eit bevis på ditt medlemsskap i Fjellhug Vereide.

Du må sjølv møte opp hos G–sport, som sjekkar ut mot medlemslistene våre og du får oppretta eit klubbkort.

Dei som har betalt medlemskontingent for 2015 får tildelt klubbkort.

Nye medlemmar frå i haust vert registrete så snart lister frå gruppeleiar kjem inn.


Er du ikkje medlem av Fjellhug Vereide, men ynskjer å bli det? Ta kontakt med Kari-Anne Skrede Slagstad på e-post kari.anne.slagstad@accountor.no


Ved kjøp av varer på G-sport vil Fjellhug Vereide få ein såkalla «kickback», på godt norsk «andel av kjøpet tilbake til klubben».

Kickback har årleg opptjening etter følgjene oppnådde satsar:

    • Frå 0,- inntil kr. 299 999,- Kickback-sats: 3%
    • Frå 299 999,- inntil kr. 499 999,- Kickback-sats: 4%
    • Frå 499 999 inntil kr. 999 999,- Kickback-sats: 5%

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.