UNGDOMSTRIM PÅ NORDFJORD FOLKEHØGSKULE, VEREIDE

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Nov 2015

UNGDOMSTRIM PÅ NORDFJORD FOLKEHØGSKULE, VEREIDE

Noko for deg som ikkje har kome i gong med trening, eller som har tid til overs for meir fysisk moro?

Trim i hallen på Nordfjord Folkehøgskule, torsdagar kl. 21-22. I regi av Fj/Vereide IL.

Ballidrettar, i hovudsak fotball.

For alle over 16 år. Her er deltakarar på ulike alderstrinn (i dag ca. 20-40 år).

Alle som ynskjer å delta må være/vil bli medlem i Fj/Vereide. Om du ynskjer å vere med eit par gonger for å sjå kva dette går i før du melder deg inn, er det sjølvsagt muleg. Dette er uansett billig moro.

Ta kontakt med Kai Arne Svarstad (tlf. 97 16 49 55) om du lurer på noko.

Kjem du på neste trening, torsdag 26.11.15?

(ikkje noko førstkommande torsdag 19.11.15, NF treng hallen sjølv)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.