Fjellhug/Vereide IL - Ski

Fjellhug/Vereide IL - Ski

Flott Telenor-karusellrenn på Kleivane i kveld.

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 10. Feb 2016

Ca 75 stk deltok i kveldens Telenor karusell.

Det vart ein fin kveld på Kleivane med fine løyper og flinke store og små i sporet.
Resultatlister kjem på nett i morgon utpå dagen.

Sidan det er meldt fint veir utover,vil vi prøve til med nytt renn allereie laurdag kl 14.00. So då gjer vi det som i dag. Meld dokke på til Astrid Fjellestad Hauge før laurdag kl.10.00 eller i skihytta før kl.13.15.

Vi prøvar med fristil igjen, då kan ein gjere som ein vil,enten gå klassisk eller skøyte.

Vel møtt igjen og velkomne til nye.

Det blir sett opp ei hjelparliste i morgon, so føl med :-)



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline