Nesten 100 deltakar på Kleivane i kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 25. Feb 2016

Tysdag 25.februar: Telenorkarusellrenn nr 3 kjem til å bli huska lenge, for det SNØVA.....


Utruleg nok var det palag 100 små og store deltakarar i dette veiret, det er flott! Vi kutta ut skibyte,slik at alle kunne skøyte, for det var ikkje lett å smørje i slikt veir. Løypene snøva igjen og, men Sverre køyrde skuter og det hjelpte litt. Trur det kom 30 cm på den stunda vi var der oppe.Det var ikkje enkelt verken sjå startlistene eller skrive tider i mål, men vi håpar dei fleste ikkje "tok skade" av kvelden. Det var iallefall kake og saft på alle deltakarane og foreldra fekk kaffi å varme seg på.

Sånn var det på Kleivane akkurat medan rennet pågjekk. SNØKAVE!!


Neste renn er ikkje bestemt, men tysdag kan vere ein aktuell dag. Føl med på heimesida og på facebooksidene "Skiføre på Kleivane" og "Fjellhug Vereide".


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.