Avslutningsrenn/lagsrenn/premieutdeling

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 5. Mar 2016

Deltakarliste 2016.xlsx

Laurdag 12.mars kl.12.00.

Då blir sesongens siste renn på Kleivane og det blir premieutdeling for Telenorkarusellen.

Det blir sprint-skicross for alle. Litt kjekt å prøve noke nytt. Sverre å co vil lage ei kjekk løype med diverse utfordringar. Kanskje både kular og hopp!

Som vanleg vil vi helst ha påmeldinga på førehand, innan fredag kveld. Elles på Kleivane frå kl.11.00-11.30. Kr 50.- pr start. Det blir ein liten ekstra premie på dette rennet, so kom og ver med på sesongavslutninga. Sjølvsagt blir det saft og kake denne gongen og. Til foreldra vil vi selje kaffi og kake for kr 10.- pr stk!

VIKTIG: Det blir premieutdeling for Telenorskikarusellen. So alle som har vore med på 1 eller fleire renn, må kome og hente premien sin. Over 150 har vore innom på renna,so det er mange premiar som skal ut.

Legg ut deltakarliste med antal renn de har vore med på. Skulle de finne feil,so gje Astrid ei mld so ho får sjekke listene at det stemmer. Deltakarliste 2016.xlsx

Hjelparliste laurdag 12.mars kl.12.00

Start: Finn og Svein

Mål: Jan Roger, Johnny, Rune Fjellestad,

Saft(vi har) Kake (de tar med platekake og er med og delar ut) : Britt Elin Lothe Fjellestad, Eva Helen Solheim, Siv Anita Drageset (+ kake frå Ingvill og Merete Aske)

Løype: Sverre, Jonfinn, Jon Granheim, Liv Kristin Rauset




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline