Attval på Else Margrethe Larsen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Mar 2016


Else Margrethe Larsen vart attvald som leiar i Fjellhug/Vereide il under årsmøtet sist søndag. Berit Aasebø Hauge held fram som nestleiar, medan ny kasserar vart Sigtor Tveit. Desse utgjer arbeidsutvalet.

Nokre utskiftingar i gruppene vart det, men dei aller fleste held fram. Astrid Fjellestad Hauge (ski), Dagfinn Nyhammer (friidrett), Hege Andenæs Rooth (handball), Vidar Eide (orientering) og Roger Sunde Andenæs (økonomi), held fram som leiarar i sine grupper. Volleyball fekk ny leiar i Malin Stubbhaug, og barneidrettsgruppa har no Knut Oddvar Sundli som leiar. Trimutvalet vert styrt av Bård Kjetil Aske. Fullstendig liste over tillitsvalde kjem seinare.

Av sakene frå årsmøtet kan nemnast:

  • Kontingenten og treningsavgiftene er uendra
  • Nye normallover vart godkjende
  • Årsmelding frå Arbeidsutval og grupper vart godkjende (årsmeldinga ligg her)
  • Rekneskapen, med eit overskot på kr. p.825,80, vart godkjent
  • Budsjettet for 2016 vart vedteke


Under Ymse-posten fortalde Øyvind Indrebø om det vellukka arrangementet NM U19 i volleyball, som Fj/Vereide arrangerte i samarbeid med BBIL og Jølster IL.

Ola Hjelmeset fortalde om tida kring, og etter skipinga av Fjellhug/Vereide 14. januar 1966. Klubben er ein samanslåing av Vereide il og Skilaget Fjellhug. Ei flott oppsummering av historia til Fj/Vereide!

Bileta: Leiar Else Margrethe Larsen, og Sigtor Tveit (ny kasserar) og Ola Hjelmeset, som fortalde om skipinga av Fjellhug/Vereide i 1966




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline