Eit forrykande UM19 Volleyball NM er vel overstått!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Mar 2016

Som leiar i Fjellhug Vereide IL vil eg takke alle som har delteke på dugnadsinnsats og ikkje minst det gode samarbeidet mellom arrangørlaga Breimsbygda, Jølster og Fjellhug Vereide!

Fleire bilete finn du her


So gjer eg ordet til Øyvind Indrebø som sat i hovudkomiteen:

No er noregsmeisterskapen for juniorar historie.Det var eit arrangement som gjekk plettfritt, takka vere god planlegging, og ein utruleg dugnadsinnsats frå svært mange i dei tre idrettslaga som stod føre dette.

Mykje av det som skjedde kan ein lese om i Firda Tidend og Firda.I tillegg har vi fått ein omfattande rapport frå Noregs volleyballforbund, som interesserte kan få lese dersom ein ønskjer det.Vi kjem svært godt ut, og forbundet konkluderer med at dette er eit arrangement som bør danne mal for framtidige arrangement andre stader i landet.Vi er jublande glade for dette, og særleg for at vi har blitt oppmoda om å søkje fleire slike arrangement om nokre år, når vår krins på nytt står for tur.

Men som vanleg er det ingenting som går utan svært mange frivillige.Og som vanleg er det berre nokre personar som frontar heile arrangementet.Det er lett for utanforståande å tru at det er frontfigurane som skal ha mykje av æra.Men slik er detsjølvsagt slett ikkje.Som hovudansvarleg for dette arrangementet i Fjellhug/Vereide ønskjer eg sterkt å få peike på det arbeidet folk i vårt idrettslag stod føre. Utan alle desse – ikkje noko meisterskap – ikkje noko Sandanereklame – ikkje eit fint overskot i klubbkassa vår.

Det er all grunn til å takke Anvor Hauge som skaffa nattevakter, og alle nattevaktene som stilte opp med godt humør.

Det er all grunn til å takke Else Margrethe Larsen som hadde hovudansvaret for matnemnda, og alle dei som stilte opp for å få eit slikt stort arbeidsområde til å gå rundt.

Vi har ikkje gløymt Hildegunn og elevane ho hadde med seg til å pynte Trivselshagen til bankett.Så vakkert har det aldri vore i dei lokala før.Eg kjem ikkje til å gløyme laurdagskvelden når folk komtil bankett.Raud løpar og faklar utanfor, opp trappa og eit langbord dekka med 350 stettglas fulle av Mozell.Messinglysestakar med levande lys som spegla seg i alle desse glasa.Oppdekkinga til rundt 300 personar.Den perfekte oppvartinga, den fullkomne stilen.«Dette viser at de ønskjer å gjere ære på volleyballen, sa lagleiaren til Molde».Og det var nettopp det Hildegunn og dei flinke ungdomsskuleelevane fekk fram.

Og så er det all grunn til å takke Ragnhild Gimmestad, Bodil Hammersland og Malin Stubbhaug for organiseringa av dei 30 idrettselevane.Vi fekk svært mykje skryt frå tilreisande lag for reinhald alle stader.Som lagleiaren til KFUM Stavanger sa det: « Her er alltid reint og ryddig.Det er alltid papir, såpe – og reint på toaletta.Det blir til og med moppa i gangareala så vi slepp at masse skit og støv etter kvart blir trekt inn på banene.Når ein arrangør fiksar slike ting, då fiksar arrangøren alt.Det var langt å reise frå Stavanger, men vi kjem meir enn gjerne hit att om ikkje lenge». Desse orda har eg lagra i den snart 53 år gamle harddisken min.

Elles hadde vi folk som supplerte andre nemnder som Breimsbygda og Jølster organiserte.Takk også til dei.

I kontrakten mellom dei tre idrettslaga forplikta vi oss til samarbeid, romslegheit og masse godt humør.Nettopp dette skjedde. Tusen tak for det, og gratulerer med nettopp det. Eg vil avslutte med å sitere nokre punkt frå evalueringa leiar i konkurranseavdelinga i Noreg volleyballforbund, David Cox, kom med i evalueringsrapporten vi fekk om hende måndag 7. mars:

  • Dette var en av de aller beste arrangementene jeg har vært med på. Kan brukes som «modell» for andre arrangementer.
  • Anlegget med alle fasilitetene er av topp kvalitet og fremmer idretten på best mulig måte.
  • Arrangør besto av 3 klubber der samarbeide var både grunnmuren og mottoet for hele mesterskapet. Meget bra gjennomført.
  • Frivillige var alltid vennlige, hjelpsomme, service innstilt og klar til alle oppgavene som oppsto. Inntrykket er at det aldri manglet folk til de forskjellige oppgavene.
  • Arrangementet er meget godt forankret i kommunen som ønsker flere store arrangementer lagt til anlegget og kommunen. Dialog er i gang med næringslivet for å sikre muligheter til både nasjonale så vel som internasjonale arrangementer.

Heilt til slutt:Øystein Sunndal har gjort ein formidabel innsats. Det er lett å tenkje at det er ein del av jobben hans, men han har stått på langt ut over dette.Eg ønskjer at leiaren i Fjellhug/Vereide ved eit passande høve overrekkjer ein flott bukett eller liknande.Han fortener det.

Stor takk til alle frivillige i Fjellhug /Vereide IL som har lagt ned veker med arbeid, som toppa seg under sjølve meisterskapen.

Helsing Øyvind Indrebø





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline