Seriemeistrar i 3.divisjon

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Mai 2016


Damelaget til Fjellhug Vereide vart seriemeistrar i 3. divisjon denne sesongen, 6 poeng framfor Svelgen på 2.plass og 15 poeng framfor Jølster som fekk 3.plass. Det vart ein sesong med 9 sigrar og 1 tap. Vi har vore ein god og kjekke gjeng med unge og litt eldre spelarar. No vert det spennande å sjå kva som skjer med laget neste sesong, om ein er klare til å satse i 2.divisjon igjen.

I starten av mai hadde vi ei flott treningsøkt med Oskar Raftevold på sandvolleyballbanene på Byrkjelo i knallfint sommarver.

Søndag 29.mai var det turnering i sandvolleyball på Byrkjelo. Fjellhug Vereide hadde med eit lag i dameklassen og to lag i JU17. Her vart det både sigrar og tap. Våre jenter har ikkje vore med å spelt kamp i sandvolleyball før so dette var god erfaring. Det er stor forskjell på å spele på eit lag med 6 spelarar på bana til plutseleg å vere berre to. Då lærer ein fort at ein må ta meir ansvar.


Eg har no takka for meg i styret (for denne gong) og leiarvervet er gått vidare til Malin Stubhaug. Eg har hatt mange kjekke år i Fjellhug Vereide si volleyballgruppe og vil råde andre til å bli med i Fjellhug Vereide sine grupper og dugnadsarbeid. Ein får sjansen til å gjere ein innsats for bygda ilag med mange trivelege folk.

Vi snakkast!

Ragnhild


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline