Gode Fj/Vereide-resultat på Framoleikane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Jun 2016


Desse tre flotte Fjellhug/Vereide-deltakarane har fått fine resultat på Framo-leikane på Fana Stadion i helga.

Lisa Selsvik vann diskos, og vart nr. 2 i slegge med 44,79 m

Steffen Fjellestad vart nr. 2 i slegge med 39,42 m

Håkon Fjellestad fekk 3. plass i diskos med 36,71 m. Han var også med i slegge, men var uheldig, med 6 døde kast.

Sebasian Bakkelid fekk gull i diskos med 16,35 og gull i slegge med 22,12

Og så må vi ikkje gløyme ho mor sjølv. Else Lundestad er veteran, men står ikkje tilbake for dei beste. Nr 2 i diskos med 46,92 - her kan ho ete kirsebær med dei beste seniorane. Pass deg Elin, når vi kjem til NM; kanskje de er eit par FJ/V-damer i sin beste alder vil knivast om medaljer?


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline