No blir det "ny" trakkemaskin på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jun 2016


Godt frammøte på det ekstraordinære årsmøtet vitna om stor interesse for skisenteret vårt på Kleivane. 24 møtte fram for å gjer vedtak på at Fjellhug/Vereide kan ta opp eit lån på inntil 800 000 for finansiering av ei ny brukt maskin.

Den gamle maskina var moden for utskifting, men med ein god salspris, skaffa det også ein solid eigenkapital til kjøp av erstattaren. For trakkemaskiner er dyre. Denne maskina, som er ca 3 år gamal, må ein betale om lag 1,5 mill. for inkl MVA.

Finansieringa vert då sal av gamle-maskina, eigne midlar frå laget, lån, momsrefusjon (som er kanskje 60-80 % av reell moms), midlar frå stiftingar og bedrifter, m.m.

Ut på hausten ønskjer ein også å starte ei kronerulling som femnar i alle fall området rundt Gloppefjorden. Skiløypene på Kleivane er populære, og vi trur det vil vere god vilje til å yte ein skjerv frå mange vanlege Kleivane-brukarar. Mange stader er det innført løypeavgifter for å gå i preparerte løyper. Der er ikkje vi, men alle skjønar at det kostar ganske mykje for eit idrettslag å halde eit godt løypenett gjennom vinteren, sjølv om vi er så heldige at løypene vert oppkøyrde på dugnad. Renter på trakkemaskin, drivstoff og evt. reparasjonar vert fort nokre kroner.

Lysarmaturane i lysløypa er vi også pålagde å skifte ut innan utgangen av 2017, pga miljøgifter i gamle lampar. Nærare hundre lampepunkt er kostnadsrekna til ca 250 000,- i reine materielle utgifter. Fjellhug/Vereide il står såleis framfor nokre kostnadskrevande år.

Men eit godt vedtak vart gjort, maskina er tinga, og så får alle håpe på ein god snøvinter 2016/2017, med stor aktivitet på Kleivane.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.