Magnar og Magnus på Hovedløpet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Aug 2016

Magnar Slagstad og Magnus Eide deltok 5.-10.august på Hovedløpet i orientering og påfølgande o-landsleir på Konnerud ved Drammen.


Laurdagen var det gatesprint i byggjefelt på Konnerud. Her gjorde Magnar eit flott løp og vart nr 46 av 72 startande, og var best av dei 3 gutane frå Sogn og Fjordane i klasse H15. Magnus vart nr 64 i klasse H16.

Søndag var det krevjande langdistane og gutane fullført i flott stil, men litt bomming og litt nede på lista med 53. og 65.plass.

Dei neste to dagane var det o-landsleir med mange ulike aktivitetar og treningar. Mellom anna eit "morro-løp" der postar låg ute i vatnet og det var kryssingar av djupe dammar

Gutane reiste saman med to andre frå Sogn og Fjordane og budde på klasserom saman med 13 deltakar frå Rogaland som dei vart godt kjende med etter mykje kortspel og fotball.

Leiren vart avslutta med kretsstafett. Dette er ein mixstafett med 2 jenter og to gutar. I og med at det ikkje var med jenter frå krinsen, stilde gutane i opa klasse. Dei gjorde alle gode løp, kanskje sine beste denne veka, og Sogn og Fjordane vart nr 4 av 16 startande lag i opa klasse.




Kommentarer

1 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline