Friidrett - Regionsleikar for 8-12 år søndag 11. sept.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Aug 2016

Søndag 11. september arrangerer Fjellhug/Vereide il dei årlege Regionsleikane på Byrkjelo. Gutar og jenter 8-12 år er målgruppa, og akkurat i desse årsklassane plar deltakinga vere god. Vi håpar difor at vi ser mange på stadion.

Øvingane for alle er 60 m - lengde - kule.

Medalje til alle som deltek!


Sjå innbydinga her



Regionsleikane 8 - 12 år


Fjellhug/Vereide il inviterer til Regionsleikar i friidrett 8-12 år på Byrkjelo Stadion

Søndag 11. september kl 14.00

Sjølv om Regionsleikane tradisjonelt har vore eit stemne for Nordfjord, inviterer vi no heile krinsen til stemnet på Byrkjelo.


Dette er eit «3-kamp»-stemne, med øvingane 60 m – lengde –liten ball på programmet, og der alle i utgangspunktet er med på alle tre øvingane. Skulle nokon av ein eller annan grunn ikkje ønskje å vere med i ei øving, er det sjølvsagt ok.

Vi har rimelege startpengar; kr 100,- pr deltakar for øvingane samla!

Påmelding via SportsAdmin; https://sa.nif.no/Events/Index/About?eventId=30290...

(Alternativt epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net seinast innan torsdag 8. september kl 17.00.) Vi treng informasjon om fødselsår, namn og klubb.

Regionsleikane-medalje til alle!

Det har vore ønskt ein 600 m i tillegg til den tradisjonelle trekampen. Påmelding på den kostar kr 40,- i startpengar. Her sender ein epost ved ønskje om 600 m.

Startpengar overførast samstundes med påmelding til konto 3710.30.87512.

Vel møtt til eit av dei siste friidrettsstemna på bane for i år!


Kontaktperson: Dagfinn Nyhammer – mobil 41227968



PS: Vi ber innstendig om at de held påmeldingsfristen, då mottakar for påmeldingane er vekkreist frå fredag morgon til ut på kvelden laurdag! Ein kan difor ikkje pårekne at det er høve for etterpåmelding.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.