Trening for seniorar (= dei litt eldre)

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Sep 2016

(illustrasjonsfoto)


Trening for seniorar på Nordstranda

Dette er eit nytt trim-og aktivitets tilbod på Nordstranda Skule torsdagar kl. 16.30 -18.00

Treningstilbodet er eit samarbeid mellom Fjellhug/Vereide IL, Gloppen Frivilligsentralen og Gloppen Kommune.

Treninga passar for alle, og spesielt for deg som har vore pensjonist ei stund, nettopp blitt pensjonist, snart vert pensjonist eller som ikkje finn deg til rette i eksisterande trimtilbod.

Dette er også ein sosial møteplass der ein etter treningsøkta tek ein kopp kaffi og ein prat.

Dei som treng skyss kan ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral på telefon 92120505.


De som les dette og har nokon de kjenner som ikkje brukar pc eller facebook, kan de då fortelle det til dei, så alle får greie på det.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline