Avslutting av friidrettssesongen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Sep 2016

UTSETT EI VEKE!


AVSLUTTING AV FRIIDRETTSSESONGEN!

Tidspunkt: komande tirsdag (27. sept.) kl 17.00


Vi lagar til ei friluftsstund for alle som har vore med på trening og konkurransar denne friidrettssesongen, ved Gapahuken på Åsebø (Nordfjord Folkehøgskule sin gapahuk).

Har du vore med på innetreninga sist vinter, treninga i vår på bana på Vereide, eller vore med på konkurransar i sommar/haust er du hjarteleg velkomen!


Det vert pølsespidding, utdeling av medaljer for lagsmeisterskapet (Regionsleikane), litt konkurransar, og evt. andre sprell.


Sidan det mørknar tidleg, håpar vi at alle kan vere komne opp til området innan kl 17.00. Vi blir der i halvannan - to timar.

Friidrettsgruppa skaffar pølser/brød, og drikke tek du med sjølv. Foreldre/vaksne er også velkomne!

Det hadde vore kjempeflott dersom de skriv i kommentarfeltet her eller under innlegget på facebook, at de kjem, slik at vi kan planlegge ut frå kor mange som vert med.

I og med at vi tek dette på så kort varsel, er det berre her på FB-sida og på heimesida vi kunngjer friidretts-avsluttinga, og det er viktig at de som ser dette også spreier det til vener og bekjente som kan vere med!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.