Friidrettsavslutning på Kleivane i kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Okt 2016


Triveleg kosekveld på Kleivane i kveld, då friidrettsgruppa hadde avslutning av sesongen. Pizza frå Mona Lisa gjorde susen, og etterpå var det utdeling av medaljer til dei som var med på lagsmeisterskapen i september.

Til slutt hadde vi leik og konkurransar der firemannslaget til Malin Ravnestad Hauge stakk av med knepen siger. Konkurransen var ein splitter ny kombinasjonsøvelse, med stafett, baklengs teljing og bokstavering, hovudrekning, hinking og hopping, og stafett til slutt igjen.

Tirsdag 18. oktober kl 17 startar friidrettstreninga opp att i Trivselshagen, der håpar vi at vi ser mange frå Fjellhug/Vereide il i år. Meir info om det seinare!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline