Friidrettstreningane startar i Trivselshallen tirsdag 18. oktober

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Okt 2016

FORELDREINFORMASJON

INNETRENING FRIIDRETT 2016/17

STIL og Fjellhug/Vereide (FjV) ønskjer velkomen til friidrettstreningar i Trivselshallen,

tysdagar kl 17-18.

Opplegget er for born i alderen 8 – 12 år (3. – 7. klasse).

Treningane føl skuleruta, men avsluttar til påske (Første treningskveld 18. oktober, siste innetrening 4. april).

Vi ønskjer å tilby eit godt og seriøst opplegg, og trenarane vert tre elevar frå 3. året på Firda vgs. Idrett: Simon Lidal, Vincent Førde og Mathias Førde. Dei tre trenarane er store friidrettstalent som kan mykje friidrett, så her ligg det godt til rette for eit flott opplegg som treff målgruppa.

Men å vere ung trenar for born kan vere ei utfordring. Spesielt dersom nokon av borna vert ‘øsne’ og har problem med å innrette seg etter opplegget. Her må vi oppmode foreldra til å vere merksam på utfordringa som ligg i dette, og følje opp sine born på fornuftig vis. Det er naudsynt å ha med nokon vaksne på treningane, og ei ‘rotasjonsordning’ kan bli aktuelt. Vi oppmodar spesielt foreldra til dei yngste borna om å vere til stades på treningane, både for å følje med og eventuelt hjelpe til.

Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar: Skulle det vere forhold som vi treng vite som gjeld dykkar barn, eller det er noko de ser at vi kan gjere betre, så er vi takknemlege for å få høyre det. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Vi er takksame for – og avhengig av, ditt bidrag: Både STIL og FjV er dugnadsprosjekt, og vi er heilt og fullt avhengige av frivilleg innsats frå mange for å gje det tilbodet vi ynskjer. Har du lyst til å bidra: ta kontakt! STIL og FjV treng trenarar og tillitsvalde på alle nivå.

Helsing

Friidrettsgruppa i STIL Friidrettsgruppa i FjV

v/Stig Svalheim (leiar) v/Dagfinn Nyhammer (leiar)

E-post: stig.svalheim@enivest.net E-post: dagfinn.nyhammer@enivest.net

Tlf 404 37 494 Tlf. 412 27 968





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline