Fjellhug/Vereide IL - Ski

Fjellhug/Vereide IL - Ski

Kronerulling til den nye trakkemaskina på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 19. Okt 2016

KRONERULLING TIL ny trakkemaskin på Kleivane

No nærmar vinteren seg igjen! Etter fleire sesongar med mykje trøbbel, utallige dugnadstimar med reperasjon og store utgifter på trakkemaskina, vart det i sommar investert i ei nyare og betre maskin.

Vi fekk selt den gamle maskina og den nye kosta ca kr 1 500 000 inkl moms, men likevel er dette ein stor kostnad for Fjellhug Vereide IL. Ein kostnad vi berre måtte ta. Aktiviteten på Kleivane blir berre større og større for kvart år, og gode skiløyper vil vi sjølvsagt ha alle. Lysløypa blir køyrt opp dagleg, og dei andre turløypene rundt støylane, til Bjørndalen hyttefelt og Haugsvarden blir køyrde når tilhøva er gode nok. Alt arbeidet med løyper og anna aktivitet på Kleivane blir gjort på dugnad, og det er mange timar for veka.

Parkeringspengane vi tar inn på Kleivane, går inn i drifta der oppe. Straum, reperasjonar og vedlikehald er årlege utgifter No vil vi prøve ei kronerulling for å få dekka ein del på trakkemaskina.

Derfor håpar vi glopparar( og andre), bedrifter, lag og organisasjonar vil delta på dette. Det blir ei vanleg kronerulling der den som betalar utfordrar 3-5 nye. Slik håpar vi mange vil delta. Vi har i utg. pkt tenkt kr 500.- pr pers, men alle betalar det dei ynskjer. «Alle monner drar» som det heiter. Vil nokon gje anonyme summar er det også greitt.

Det vil bli kunngjort lister i Firda Tidend, på facebook og på heimesida til Fjellhug Vereide IL etter kvart.

Konto nr: 3705.32.52983

På førehand tusen takk for støtta.

Fjellhug Vereide IL

Ved leiar i skigruppa Astrid Fjellestad Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline