Fjelltrimmen 2016

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Nov 2016

Fjelltrimmen 2016

Nordstrandsfjella er det mest attraktive trimtilbodet i Gloppen. At 2.797 deltakarar har registrert seg 10.718 gonger på dei 6 trimpostane som Fjellhug/Vereide har, syner det.

Haugsvarden er den klart mest besøkte posten med 7.233 registreringar. Dette er 400 meir enn i fjor då det også var stor besøksframgang. På dei andre postane samsvarar besøkstalla bra med tidlegare år.

Poengsatsane er som før:

Haugsvarden5 poeng

Svinestranda 5 poeng

Vetestova4 poeng

Blånibba5 poeng

Svarthammaren4 poeng

Dunheia6 poeng


187 personar har greidd krava for merke og statuetten, det er 11 personar meir enn i fjor.


Krava er:

Opp til 60 år: 50 poeng

Over 60 år: 40 poeng

Under 10 år: 40 poeng

Rune Hauge har høgast poengsum i år med 2.063 poeng. Det er eit resultat av 337 turar på Haugsvarden, samt 79 besøk på dei andre postane.


Heiderpris i år:

40 år fjelltrim- Rune Hauge

30 år fjelltrim – Alvin Berg

Ansvarleg for merke og statuettar:Trimutvalet v/Rune Hauge


Liste med namna på dei med over 50 poeng finn du her






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline