KM Terrengløp

Tid


Sted


4. april 2020: KM Terrengløp/ 2. runde i Nordfjordkarusellen

 

Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane.  Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m.  Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt: Laurdag 4. april.  Start  kl 15.00.   

Klassar og distansar:

  1. G/J 13 og 14 år:  600 m
  2. G/J 15 og 16 år:  1200 m
  3. G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m
  4. Menn sen/vet: 3600 m

Påmelding: Helst på førehand, innan torsdag kl 23:59 på

https://mosjon.friidrett.no/arrangement/eventsetup.aspx?id=302726

Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift.  Sjå elles her: https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=302726#init . Kontaktperson: Dagfinn.nyhammer, dagfinn.nyhammer@enivest.net , mobil 41227968

Startpengar:

  • 13-14 år: kr. 60,- (ikkje eingongslisens i desse klassane)
  • 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding same dag: kr. 30,- i tillegg.  Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens)
  • Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917

Garderobar:  Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.   Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen), der ein får nytte garderobane. I år vil det vere toalett ved start/målområde. 

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse, og uttrekking av gåvekort i Nordfjordkarusellen.


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Levert av IdrettenOnline