Svinestranda Opp (motbakkeløp m/ NorgesCup-status

Svinestranda Opp (motbakkeløp m/ NorgesCup-status

Arrangør: Fjellhug/Vereide IL

Tid


Sted


Beskrivelse


SVINESTRANDA OPP 2020  


Fjellhug/Vereide il inviterer til Svinestranda Opp 2020.  Arr.dato: Laurdag 20. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.

Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er ca 7 km lang.

Praktisk info:

  • Konkurranseklassen: Alle som startar frå Sandane skal ha ryggsekk som skal innhalde: Vindjakke, bukse, tørr super, hue, hanskar, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen) Ikkje krav til vekt.
  • Startkontingent kr. 300 for hovudløpet, kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking. 
  • Påmelding etter frist: Konkurranseklassane kr 100 i tillegg
  • Kontonummer: 3705.33.01917
  • Start 14 år og yngre er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00
  • Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30
  • Start elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum
  • Mosjonistar har tre alternativ: A) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen. B) Starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen. CParkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.
  • Premieutdeling ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen
  • Etter løpet/premieutdelinga vert det køyrt bilar ned att frå Austrheimsstøylen
  • Premiering
    1. Sjekk kr. 4000 til vinnar i dame og herreklassen
    2. Sjekk kr. 1000 til nr. 2
    3. Sjekk kr.  500 til nr. 3 og 4
    4. Premiering for løyperekordar
    5. Trekking av ein premie på kr. 1000,-. Vilkår: vinnaren MÅ vere tilstades.
  • Påmeldingsfrist elektronisk: tysdag 16.juni kl 23.59 - , via nettet . https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=302724#init
  • Påmeldingar manuelt kan også gjerast fram til 1 time før start mot tilleggsavgift kr. 100,-. Hugs årslisens, eller eingongslisens (kr. 40,-)
  • Kontaktpersonar: Dagfinn Nyhammer 41227968

Fjellhug/Vereide IL


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Levert av IdrettenOnline