Svinestranda Opp

Svinestranda Opp

Arrangør: Fjellhug/Vereide IL
Påmeldingsfrist: 23.06.2019 12:00:00

Tid


Beskrivelse


Fjellhug/Vereide il inviterer til Svinestranda Opp 2019.

Arr.dato: Søndag23. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.

Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er er ca 7 km lang.

Informasjon på heimesida: http://www.fjellhugvereide.no/p/8037/svinestranda-opp 

Praktisk info:

· Svinestranda er også i år eit løp i SFE Motbakkekarusell. I år er der 4 løp, der ein må vere med på tre for å telje i samanlagtkarusellen (Svinestranda, Trollenykjen, Vetenløpet og Troda (Davik))

· Konkurranseklassen: Alle som startar frå Sandane skal ha ryggsekk på min. 2 kg

- Startkontingent: kr. 300,-/100,- (Hovudløp/3-km)

· Startkontingent etterpåmelde: kr. 400,-for hovudløpet.  

- Startpengar elles: Kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.

- Eingongslisensen er kr. 40,- i dette løpet.

· Påmeldingsfrist: Onsdag 20. juni. Etter påmeldingsfrist: kr 100,- i tillegg for konkurranseklassane

· Kontonummer: 3705.33.01917

· Start 14 år og yngre (3 km) er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00

· NB! Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30

· Hovudstarten elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum

· Mosjonistar har tre alternativ: a) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen, b) starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen, eller c) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.

· Premieutdeling ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen. NB: Ein premie på kr. 1000,- skal trekkast til slutt mellom løparar, mosjonistar og funksjonærar.  For å få premien, må vinnaren vere til stades under trekkinga.

· Før start: Klede vert bringa frå startområdet til Austrheimsstøylen.  Etter løpet/premieutdelinga  Det vert køyrt bilar frå Austrheimsstøylen til sentrum

· PREMIERING:

-  kr. 4000 til vinnar i dame- og herreklassen

-  kr. 1000 til nr. 2

-  kr. 500 til nr. 3

-  kr 500 til nr. 4

-  Pengepremie for ny løyperekord

-  Elles 1/3 premiering. Det vert også trekking av pengepremiar og fine gevinstar på startnummer. Det gjeld både for konkurranse- og trim-klassen.

· Påmeldingsfrist elektronisk: Onsdag 12. juni kl 23.59 - , via nettet . Påmeldingar manuelt kan også gjerast fram til 1 time før start mot tilleggsavgift kr. 100,-. Hugs årslisens, eller eingongslisens (kr. 40,-)

· Kontaktpersonar: Birger Berge 901 75 252, el. Dagfinn Nyhammer 412 27 968

Påmelding: fyll ut skjema (sjå linken), og trykk send!


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Andre arrangementer fra Fjellhug/Vereide IL

Levert av IdrettenOnline