Ein æresmedlem er gått bort

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 1. Sep 2023


Æresmedlem i Fjellhug/Vereide il, Håkon Lundestad, vart gravlagt frå Vereide Kyrkje i dag. Kyrkja var fullsett av folk som ville ta farvel med Håkon, som har vore ein bauta i idrettslaget.

Frå han kom tilbake til Sandane rundt 1970, har han gjort utruleg mykje for idretten. I Fjellhug/Vereide il tok han tak i friidretten, og fekk inn systematisk trening av god kvalitet, og det var veldig mange som møtte fram på treningane.  

I tillegg til å trene sjølv, trene gode og middels gode vaksne og veteranar, var han ikkje minst ein viktig trenar for dei gode sprinterane vi hadde i laget.  Harald Gjengedal hadde fire NM-gull på 400 m hekk, og han, saman med Eyvind Senneset, Jakob Lothe, Arne Klakegg, Jonfinn Aske og gjerne andre utgjorde fantastiske lag på 4x100 m, 4x400m og 1000 m stafett, trena av Håkon.

Håkon hadde mange viktige tillitsverv.  Han var leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins i fleire år, i Sogn og Fjordane Skikrins i 8 år, og i Sogn og Fjordane Idrettskrins også 3-4 år. 

Ikkje berre idretten nytte godt av organisasjonsevnene hans.  Pelsdyrnæringa, Senterpartiet, Odd Fellow og andre organisasjonar hadde stor glede og nytte av arbeidet hans.

Håkon var æresmedlem i Fjellhug/Vereide il.  Med han har idrettslaget mista ein som har utretta utruleg mykje, og han vil gå inn i laget sine historiebøker som ein av dei store i klubben.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.