Automatisk parkeringsinnkrevjing på Kleivane frå 25.11.23

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Nov 2023

Gode brukar av Kleivane skisenter!

Frå og med 25.11.2023 går vi over til ny elektronisk parkeringsløysing som nyttar automatisk skiltgjenkjenning utan bruk av fysisk bom for parkering på Kleivane. Det er selskapet Finter AS som leverer parkeringsløysinga for oss og nettsida som handterer brukarar og abonnement heiter www.youpark.no .

Korleis fungerer parkeringsløysinga?

Kvar personbil som køyrer opp til Kleivane, vert registrert via automatisk skiltgjenkjenning. Om du parkerer på Kleivane utover 30 minutt, vert du registrert som parkert og må betale for enkeltparkering om du ikkje har årskort eller klippekort. På www.youpark.no kan du opprette deg ein brukar for å kjøpe årskort, klippekort eller handtere enkeltparkeringar raskt og enkelt. 

Korleis kome i gang?

Gå inn på www.youpark.no og trykk på «Parkering» og søk opp «Kleivane skisenter». Her skal du velje type abonnement du ynskjer eller opprette ein brukar for enkeltparkeringar. Herifrå får du vidare instruksjonar når du har valt type abonnement. Har du ikkje ein bruker hos YouPark frå tidligare, blir du beden om å opprette dette før oppretting av abonnement/årskort.

Abonnement og prisar

•    Årskort– kr 700 ,-

•    Klippekort 10 parkeringar – kr 500 ,-

•    Enkeltparkering inntil 1 døgn – kr 60 ,-

•    Årskort allereie betalt for 2023 – gratis

I tillegg er det særlege abonnement for grunneigarar og frivillige i Fjellhug/Vereide IL. 

Alle abonnement er gjeldande for eitt -1- køyretøy. Om du ynskjer å bytte køyretøy som ditt abonnement gjeld for, kan du gjere dette sjølv på www.youpark.no . Dette kan du gjere så ofte du sjølv vil, men ikkje oftare enn kvar tredje dag. Det vil seie at det tek tre -3-  dagar før nytt køyretøy vert registrert og du kan nytte dette køyretøyet til å parkere på Kleivane.

Når abonnementet ditt går ut, får du varsel på e-post og sms at du må fornye abonnementet ditt sju -7- dagar før utløp.

Betaling for enkeltparkeringar

Om du ikkje har abonnement (årskort eller klippekort), så betalar du for ei enkeltparkering; 60 kr for kvar gong inntil eitt -1- døgn. Du må betale innan 48 timar etter utkøyring frå Kleivane for å unngå faktura med fakturagebyr. Du må då opprette ein brukar på youpark.no for å kunne betale. Om du veljer å opprette «betalingslenke» som betalingsmetode på brukaren din, vil du neste gong motta en SMS når du passerer bommen neste gang. Trykk på lenken, og ditt registreringsnummer vil være automatisk utfylt, velg deretter om du ønsker å betale med VIPPS, kort eller forhåndsgodkjent faktura. 

OBS: Det er ikkje mogleg å registrere ei passering på eit abonnement i etterkant av passering, så du må  sjekke at rett køyretøy er registert på abonnementet

Spørsmål i samband med oppretting av abonnement eller passering

Har du spørsmål eller meiner noko er feil i samband med passeringar, ta kontakt med kundeservice:

Kontaktskjema på www.youpark.no, telefon 470 00 700 eller e-post kundeservice@finter.no 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.