Gloppen Halvmaraton - Dette var kjekt!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Okt 2019

Desse to unge karane kan stå som illustrasjon på dagens arrangement.  Sander Aske Granheim og Emil Helgheim var dei einaste som melde seg på mini-halvmaraton, 5 rundar pluss 109 m på Idrettsplassen.  Dei fullførte i flott driv: Sander 8.44,2 og Emil på 8.48,5.  Begge er 12 år, Sander frå Fjellhug/Vereide, Emil frå STIL.

Det vart ein flott Gloppen Halvmaraton, og arrangemanget gjekk greitt.  Mange godord i etterkant frå deltakarane, både over oss som arrangørar, men også over den flotte løypa, naturen, godt ver - alt saman faktorar som førde til mange persar og årsbeste for deltakarane.  Og som vanleg når folk er nøgde; dei vil komme igjen ved seinare arrangement.

Dei to beste tidene (menn og kvinner) hadde Lars Ole Hageskal frå Kyrkjsæterøra il og Jodi Brautaset. Tidene var hhv. 1.16,44 og 1.31,33.

                                                                  Lars Ole og Jodi


I den uformelle trimklassen på 10 km, stilte tre løparar.  Dei fekk slike resultat:


Som arrangørar kunne vi tenkt oss fleire lokale deltakarar.  No var fleirtalet frå Møre og Romsdal og Trøndelag, og det er veldig inspirerande for oss at langløparar køyrer så langt for å vere med på Gloppen Halvmaraton.  Difor hadde det vore veldig kjekt om også fleire løparar frå Gloppen og Sogn og Fjordane stiller opp. Løypa er kort og godt fantastisk bra for å prestere gode tider i.

Med alle dei gode tilbakemeldingane, og med eit så triveleg arrangement som årets halvmaraton var, er det gode sjansar for at Fjellhug/Vereide kan innby til nytt stemne første laurdag i oktober 2020.




KM Terrengløp: Førehandspåmelding

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Apr 2019

27 løparar er førehandspåmelde til KM i morgon.  Vi saknar ein del trufaste deltakarar, og ventar at fleire melder seg på før start i morgon.  








Påmelde fram til fredag kl 22.00

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Okt 2017


NB: Tilbodet til trimmarane er eit 10 km landevegsløp, med påmeldingsfrist fram til kl 13.00 løpsdagen.  Her er startpengane kr. 50,-. 

START 10 KM: KL 13.30, frå Idrettsplassen.

Etternavn Fornavn Klubb Fødselsdato
Ekerhovd Asbjørn Bremanger motbakkelag 1967
Skjølberg Gisle Bremanger IL 1973
Grov Jan Eikefjord IL 1973
Hansen Hans Magnar Feios IL - friidrett 1969
Aske Sverre Nesdal Fjellhug/Vereide IL 1974
Badege Melkamu Almenning Idrettslag 1971
Lothe Jørn Gloppen Friidrettslag 1968
Van Hulst- Florack Linda Breimsbygda IL 1977
Nygård Roger Nygård Toppidrett 1969
Hjertvik Kolbjørn Kårvåg IL 1951
Laukeland Camilla Team Joggedilla Førde 1976
Kjempenes Janne Almenning Idrettslag 1972
Kråkenes Steffen André   1986
Rørvik Pål Sogndal IL 1971
Skrede Atle Førde IL 1973
Eikås Ulf-Magne Stryn T og IL 1967
Vedeler Marcus Eid Motbakkelag 1975
Haugen Inge Asbjørn Hornindal IL 1953

Kongsvik

   Desse er komne til i kveld:

Tennebø Rolf, Eimhjellen Trude, Elin Skjeggenes, Siri Aasen, Kvalheim Sigmund, Vereide Bendik, Igland Håkon, Bjørlo Alfred, Ulvesæter Torhild, Nyheim Frank, Grimsbø Bendik, Gangsøy Bjørnar

Stig

  

Hyllestad IL

  

1986















 



Cecilie er utteken til Lerøy Ungdomsleikar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Aug 2017

Cecilie Tveit (t.h.) er utteken til ungdomsleikar på Osterøy.  Her saman med venninne Else-Mari Nyheim

Cecilie Tveit (13) er utteken til Lerøy Ungdomsleikar på Osterøy 9. og 10. september.  Det er Sogn og Fjordane Friidrettskrins som tek ut laget frå fylket.

Cecilie skal delta i høgde, og på 600 og 1500 m.  Lukke til; flott med representasjon frå Fjellhug/Vereide il!



Seriestemne på Idrettsplassen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Mai 2017

(illustrasjonfoto)

Det var diverre ingen frå Fjellhug/Vereide som møtte opp då vi arrangerte seriestemne på idrettsplassen i kveld. Derimot var det ein fin gjeng med STIL-arar som under dei flotte forholda fekk gode resultat. Øvingane var 60m, lengde, kule og 600 m.

Seriestemne Idrettsplassen, Sandane
Arrangør: Fjellhug/Vereide il
Dato: 23/5-17
Klasse Namn Lag Resultat
60 m
G10 Sondre Svalheim STIL 10,2
G10 August Gloppestad STIL 9,8
G10 Harald Evebø STIL 9,8
G10 Tobias Austrheim STIL 9,9
G10 Jens Ole Aske STIL 9,9
G11 Asgrim Grøneng STIL 13,9
G12 Simen Sætren Holvik STIL 9,6
G12 Mathias Rauset STIL 9,7
G12 Viljar Grøneng STIL 9,7
J09 Tiril Fuglestrand STIL 12,2
J09 Elena Sætren Holvik STIL 10,2
J09 Aurora Svalheim STIL 12,1
J11 Natalie Røed Kandal STIL 10,2
Lengde
G10 Sondre Svalheim STIL 2,94
G10 August Gloppestad STIL 3,21
G10 Harald Evebø STIL 2,52
G10 Tobias Austrheim STIL 3,15
G10 Jens Ole Aske STIL 2,86
G11 Asgrim Grøneng STIL 2,88
G12 Simen Sætren Holvik STIL 3,17
G12 Mathias Rauset STIL 3,07
G12 Viljar Grøneng STIL 3,33
J09 Tiril Fuglestrand STIL 2,34
J09 Elena Sætren Holvik STIL 2,67
J09 Aurora Svalheim STIL 2,22
J11 Natalie Røed Kandal STIL 2,14
Kule
G10 Sondre Svalheim STIL 6,58
G10 August Gloppestad STIL 6,47
G10 Harald Evebø STIL 5,44
G10 Tobias Austrheim STIL 5,19
G10 Jens Ole Aske STIL 6,06
G11 Asgrim Grøneng STIL 5,76
G12 Simen Sætren Holvik STIL 4,24
G12 Mathias Rauset STIL 5,21
G12 Viljar Grøneng STIL 5,47
J09 Tiril Fuglestrand STIL 4,05
J09 Aurora Svalheim STIL 2,96
J11 Natalie Røed Kandal STIL 4,58
600 m
G12 Mathias Rauset STIL 2.04,1
G12 Simen Sætren Holvik STIL 2.05,2
J09 Aurora Svalheim STIL 3.03,5


Kule: Gutar 12 år nytta 3 kg, medan resten nytta 2 kg-kula.