NM/ Gloppen Halvmaraton - vi har sponsorane med oss!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Jan 2022

For å arrangere eit NM/Gloppen Halvmaraton, vil Fjellhug/Vereide il gjerne knyte til seg fleire sponsorar.  Dette arbeidet er godt i gang, og vi vert møtte med stor interesse og positivitet når vi tek kontakt med bedrifter i Gloppen.

Vi ønskjer å presentere dei med jamne mellomrom på heimesida vår, og har allereie lagt ut ein liten presentasjon av Accountor.  Fleire vil komme.



Innbyding NM Halvmaraton/Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Jan 2022

 

Innbyding til Gloppen Halvmaraton/ NM Halvmaraton 2022

Fjellhug/Vereide il innbyr til NM Halvmaraton 2022, som er innlagt i Gloppen Halvmaraton.

Dato:                                    Laurdag 1. oktober 2022

Påmeldingsfrist:                 Tirsdag 20. september

Start:                                    Kl 14.00, med mogelegheit å starte kl 13.00 for dei som brukar lengst tid på distansen. Dei som kjem til å bruke +2 timar, kan vel pulje 1 (start kl 13). Alle andre vel pulje 2 (start kl 14).  Vi reserverer 99 startnr til pulje 1.  

Startstad:                            Ved Idrettsplassen i Sandane sentrum

Henting av startnr.:        Frå kl 10.00, ved Idrettsplassen

Løypetrasse:                     Start ved Idrettsplassen i Firdavegen, vidare på FV615 langs Gloppefjorden, med vendepunkt ca 3 km forbi Sande.  Same veg tilbake til mål.  Lågaste punkt i løypa 2 moh, høgste punkt 18 moh.  Underlag: Asfalt.  Deler av løypetrasseen er stengd for biltrafikk under løpet (0-3 km, 3-7,5 km og 13,5 – 18 km )

Drikkestasjonar:               6,5 km – Vendepunkt – 14,5 km – 18,5 km.  Drikke:  Saft/vatn.

Garderobar/Dusj/Toalett: Trivselshallen. Toalett også i STIL-stova ved Idrettsplassen. Ope frå kl    11.00

Kiosk:                                   I arrangementsområdet

Parkering:                          Ved  Trivselshallen, Gloppen Ungdomsskule, Sandane sentrum

Startkontingent:               kr. 350,- ved påmelding innan 1. sept. Kr. 450,- ved seinare påmelding.  Blir påmelding godtatt etter 20. sept., vert startpengane sett til 550,- kroner.

NM-start:                           Du vere medlem av eit registrert idrettslag

Påmelding:                        EQtiming. NB: To val når du skal melde på: NM Halvmaraton og Halvmaraton

Premieutdeling:              Meisterskapsmedaljer til dei tre beste i kvar klasse. Ekstra gåvepremie til klassevinnarane

Link påmelding EQ-timing:  Gloppen Halvmaraton/NM Halvmaraton 2022 (eqtiming.com) 

Overnatting:                     Gloppen Hotell,  Gloppen Camping og fritidssenter, Reed Camping,  div. utleigehytter, Thon Hotel (Skei i Jølster) Ver ute i god tid, der er avgrensa hotellkapasitet.




Krinsdommarkurs i friidrett på Byrkjelo i mars

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Jan 2022


Kursinnbyding dommarkurs Byrkjelo vår 2022.pdf


Klubbane i Gloppen ønskjer å få utdanna fleire krinsdommarar i friidrett.  For å kunne arrangere stemne må arrangørane kunne stille med godkjende dommarar for at resultat skal bli godkjende, og difor er det viktig at klubbane er sitt ansvar bevisst i høve til dette.

Tre onsdagskveldar i mars (9.,16., og 23. mars) vil vi skipe til kurs på Byrkjelo. Krinsdommarkurset er eit lågterskelkurs, der det viktigaste er å få kunnskap om dei ulike reglane som gjeld i friidretten.  Ikkje berre er det viktig for klubben å ha folk med kvalifisert kompetanse, det må også vere interessant for den enkelte å tileigne seg bestemmelsane som gjeld på friidrettsbana.

Målgruppa er foreldre, ungdom og andre med litt interesse for idrett.  Ungdom som tek ein dommargrad kan også ta den med på CV-en sin som eit pluss for sine ulike søknader i ettertid.

Vi kjem tilbake med ei innbyding når SFFIK har lag den ut.  I mellomtida tek medlemer i dommarutvalet og friidrettsgruppene gjerne kontakt med deg.  Eller enno betre: Ta initiativ og kontakt oss sjølv!



Innbyding til Gloppen Halvmaraton/NM blir lagt ut i veke 3

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Jan 2022

Innbydinga til Gloppen Halvmaraton/NM  vert lagt ut på mosjon.friidrett.no i neste veke, etter at vi i løpet av helga skal få lagt det inn på EQtiming.



Har du betalt årskontingenten?

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Jan 2022

Medlemskontingenten er svært viktig for laget, av minst to grunnar.  

Den eine er sjølvsagt den økonomiske delen; den er med på å gje laget naudsynt kapital til dei mange oppgåvene som laget har.

Den andre viktige grunnen er å medvirke til at Fjellhug/Vereide il har eit høgast mogeleg medlemstal.  Medlemstalet er svært viktig når det skal søkjast på offentlege midlar, eller søkjast anna støtte.

Kasseraren har sendt ut kontingentkrav til alle i haust, og purring til dei som ikkje har betalt, i desember.  Framleis er her omlag 75 av våre medlemer som ikkje har betalt kontingenten, og Fjellhug/Vereide il håpar verkeleg vi slepp å slette desse av medlemslistene.  Bli med oss inn i 2022!



Trivselshalleikane - Vi må diverre avlyse

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Jan 2022


Også i år må vi gå til det litt triste steget å avlyse Trivselshalleikane, som skulle gått i Trivselshallen 22. januar.

Leiarane i friidrettsgruppene i STIL og Fjellhug/Vereide il diskuterte dette i går, og vi finn at med dei usikre tidene vi er i, i høve til smittesituasjonen i landet, og det å samle så mykje folk innandørs til eit friidrettsstemne, vil ikkje eit innandørsarrangement som dette smake særleg godt.  Heller ikkje triveleg å ha eit arrangement der utstrakt maskebruk ville vere ønskjeleg, eller til og med eit krav.

Vi hadde ikkje trudd det skulle bli slik i år, men slik vart det, og då har vi som arrangørar funne det rett å avlyse.


Vi held fram den gode fellestreninga vi har i friidrett på tirsdagar slik vi har hatt det før jul, og så ønskjer vi alle velkomne til konkurransar ute litt lenger ut på våren.



Accountor - ein god bidragsytar under NM Halvmaraton!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Jan 2022

Som tidlegare nemnt er Accountor med som ein av sponsorane våre under NM/ Gloppen Halvmaraton (og også under Svinestranda Opp).  Vi har teke ein prat med leiaren ved kontoret på Sandane, Lena Skinlo, slik at ho kan presentere kontoret, og kvifor dei er med og støttar frivilligheita i Gloppen:

Rekneskapsførar i Gloppen | Accountor Gloppen

 


  • Sei litt om deg sjølv, Lena!  

- Eg er 38 år, og frå Breim, men bur i Austrheimsbakken med en son på 17 år og ei dotter på 7 år.

 

  • Kvifor valde du å bli leiar på Accountor?

- Eg har jobba lenge i Accountor, den siste tida som leiar for fleire av våre nasjonale team som jobbar på kryss og tvers av Noreg. Det har vore veldig kjekt, men som leiar for Accountor i Gloppen, Eid og Måløy får eg bruke all energien min lokalt og det var eg veldig klar for. Det er gjerne sånn når ein er frå små plassar, ein er aller mest opptatt av heimstaden sin. 

 

  • Kva er Accountor?

- Accountor er eit selskap som tilbyr rekneskaps- og rådgivingstenestar. Vi har kontor i store delar av Nord-Europa og 70 kontor i Noreg, av dei 70 kontora er faktisk Accountor Gloppen det største!

 

  • Accountor er ei stor kjede.  Er det fordeler å vere ein del av eit så stort selskap?

- Fordelen med å vere store er at vi kan bidra med mange arbeidsplassar i distriktet, berre dei siste 1-2 mnd har vi ansatt 5 nye personar ved vårt kontor i Gloppen, og vi treng fortsatt fleire. Det er selvfølgelig også ein stor fordel at vi er veldig solide mtp kompetanse. Kjem vi bort i problemstillingar vi ikkje har vore borti før så kan vi henvende oss til våre kollegaer i Vesterålen, Mandal eller Nittedal og få hjelp. 

 

  • Kva tenester kan Accountor utføre?

- Det meste innanfor rekneskap, rådgiving, lønn og HR. Den kompetansen vi har tilgjengelig kombinert med nye fleksible rekneskapssystem gjer at vi har noko å tilby alle verksemder og næringsdrivande. Både dei som vil gjere mest mulig sjølv og berre bruke rekneskapsføraren sin som ein kontrollfunksjon, dei som vil gjere minst mulig sjølv og treng ein rekneskapsførar som «held styr» på det meste, og dei som treng meir avansert rådgiving. 

 

  • Berre kundar frå Gloppen?

- Vi har kundar frå heile Noreg hos oss.

 

  • Accountor er med og støttar idretten.  Kvifor vil de vere med?

- Accountor Gloppen har alltid vore med å støtta både idrett og kultur i nærmiljøet. Vi har også mange ansatte hos oss om brukar mykje av fritida si på frivillighet og ser kor viktig dette er for å halde liv i bygda. Det er grunnen til at vi bestemte oss for å ikkje berre gi pengar til NM i halvmaraton, men også stille med funksjonærar. Det er «enkelt» å gi pengar, men frivilligheten er også avhengig av at folk gir av tida si. Vi vil utfordre andre sponsorar til å gjere det same.


Rekneskapsførar i Gloppen | Accountor Gloppen