Fjellhug/Vereide il sine lag på Breimstafetten

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Apr 2022

I morgon er det Breimstafett, og Fjellhug/Vereide stiller med eit gute- og eit jentelag.  Det vil alltid bli endringar på det som vi først set opp, men "kvelden før kvelden" har vi laga slik du ser dei nedanfor.

Friidrettsgruppa håpar at alle kan møte med Fjellhug/Vereide-jakker/-genserar, slik at vi tek oss fint ut på defileringa.  Har du ikkje sjølv, får du kanskje låne ei jakke/gensar.

Alle må møte ved Barnehagen på Reed ("Reed Skule") seinast kl 12.00. Då går vi ut og ser på etappane. Om etappefordelinga i morgon blir akkurat slik som i oppsettet , må vi sjå på då, men mest truleg får alle den etappen dei er sett opp på.

 

Fjellhug/Vereide sine lag på Breimstafetten:


Gutar
Jenter
1Emil Melin13Nora Lundestad13
2Emil Opdal Håvik15Louise Berle12
3Karl Emil Østerby Hansen13Karoline Aske13
4Askil Fjellestad11Martine Vereide Heggdal13
5Markus Heggdal14Karoline Husevåg14
6Lars Berle11Esperanse Sengiyumva11
7Espen Drageset13Johanne Lindvik13
8Kevin Hauge12Hadil Alyoussef14

Samanlagt alder102Samanlagt alder103

Reservar gutar: Sander Føleide og Elias Tystad, + evt. andre som stiller på.  Jenter: Ingen....  Reservane får sjølvsagt vere med på defileringa!



KM Terrengløp - svært svak deltaking

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Apr 2022

Maria Klakegg, Jølster vann gull i 13-årsklassen, medan Aurora Svalheim, STIL, tok sølvmedaljen i J-13

Resultat: KM Terrengløp S&Fj 2022 (eqtiming.com) 


KM terrengløp vart utsett frå palmesøndag til torsdag 28. april.  Om det var utsetjinga, eller andre grunnar: Deltakarane, både dei som var påmelde før påske, og nye, glimra med sitt fråver.  Kun 7 løparar møtte på startstreken, der 5 var i 13-14-årsklassen, og 2 stilte i veteran.

Vi veit ikkje grunne til at så mange uteblei.  Vanlegvis plar det vere både seniorar, og ikkje minst veteranar på startstreken, men altså ikkje denne gongen.  Som arrangørar følte vi oss litt snytte, for det er ein god del arbeid som ligg bak eit arrangement, eit arbeid som stort sett er det same om der er få eller mange deltakarar. 

Vi vil likevel dra fram ei positiv oppleving.  Vi nytta påmeldings- og resultatsystemet EQtiming for første gong, og det fungerte greitt.  Når vi får litt trening med det, er det resursbesparande i forhold til å handtere påmeldingar, og i bruk av funksjonærar til tidtaking.  Neste gong vi tek EQtiming, som er innkjøpt av friidrettskrinsen, i bruk, vert ved motbakkeløpet Svinestranda Opp 26. juni.  Vi reknar med der er 4G-dekning på toppen...

Elles: Neste KM må nok tilbake til ei helg, torsdagsløp slo ikkje an, tydelegvis.


RESULTAT:  Resultat_04_05_2022_22_03_04.pdf


Ivar Bruun, GFILK og Inge Asbjørn Haugen stilte i veteranklassen

Nils Lothe, STIL og Emanuel Aarseth, Jølster var dei to einaste gutane som var med.

Diverre mangla vi bilete av Ella Gule, Brodd i J-14.



Vi prøver på nytt

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Apr 2022


Biletet er ikkje frå KM, desse har nok nokre år igjen før dei blir med der..

Men -  etter vi måtte avlyse KM terrengløp før påske pga av snø i løypene, prøver vi til igjen i Åsen på Sandane torsdag 28. april kl 18.00.  

Klassane er frå 13 år og oppover t.o.m. veteran, og der er full mogeleg å melde seg på enno.  Det skal gjerast på EQtiming, Her: KM Terrengløp S&Fj 2022 (eqtiming.com) 

Alle som melde seg på før påske, er med, og her er plass til mange fleire.  Spesielt seniorar og veteranane glimrar førebels med sitt fråver.  

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse.  Enkel kiosk.  Toalett i løpsområdet, og dusjmogelegheiter i Trivselshallen.

Parkering er denne kvelden er tillate på Myra. Elles kan ein parkere ved Kunstgrasbana og rusle ut løypa til start/målområdet.  




KM terrengløp AVLYST

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Apr 2022


Forholda i løypa i Åsen har ikkje endra seg stort frå i går, og dermed er det ikkje anna å gjere enn å avlyse dagens KM i terrengløp. Eit utriveleg underlag, som er glatt (og dermed lett kan føre til skader) er ikkje noko å tilby gode løparar.  

Difor vert også KM terrengløp utsett, og no prøver vi ein kveld midt i veka, sidan helgane etter kvart er booka med stafettar og andre løp.

Vi har landa på torsdag 28. april, kl 18.00, og håpar at både løparar og funksjonærar kan setje av den kvelden til terrengløp på Myra.  Forhåpentlegvis i godt vårver!



95 % sjanse for at KM Terrengløp må utsetjast

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Apr 2022

Slik såg det ut på Myra i føremiddag, og ikkje stort betre i kveld:


Det betyr rett og slett at dersom det ikkje skjer noko under på ver-fronten i natt og i morgon tidleg, må vi utsetje KM terrengløp til ein ny dato over påske.

Noko påske-under i veret reknar vi med er vanskeleg å få til... men skulle det mot formodning skje, vil det bli lagt ut ny melding i morgon tidleg.