NM/ Gloppen Halvmaraton - Funksjonærliste

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Jul 2022


Fjellhug/Vereide il har no sett opp funksjonærliste for NM/ Gloppen Halvmaraton (Det vil seinare bli laga eiga liste for vakthald ved løypa, pluss liste for parkering og oppsetting av reklame/arena-funksjonærar). 

Vi ønskjer å ha ein god stab med funksjonærar, ut frå at det er betre med to for mange enn ein for lite. Eit NM er eit "prestisje-arrangement", der vi må gjere alt vi kan for at det skal vere prikkfritt.  Det greier vi med tilstrekkeleg bemanning, og gode funksjonærar.  

Ved dette arrangementet har leiarane fått sjølvstendige oppgåver, noko som har letta mykje på førebuingsarbeidet, og dei har gjort ein svært god jobb så langt, noko som eg er sikker på vil vare til over meisterskapen.  Friidrettsgruppa er svært takksame for alle som stiller opp, og med godt humør :-)  !

Funksjonærliste 2022.docx