SFE med 100-årsjubileumsfest på Skei.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Sep 2022


Kjekt 100-årsjubileum for Sogn og Fjordane FIK på laurdag kveld, der m.a. tidlegare leiarar var påskjøna. T.v. Håkon Lundestad, Fjellhug/Vereide il, som var leiar 1971-1974

Dagfinn og Margit Nyhammer, Birger Berge og Håkon Lundestad representerte Fjellhug/Vereide il




Gravferd for Dag Fosstvedt i dag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Sep 2022

I dag har vi teke farvel med ein nestor og legende i Fjellhug/Vereide il, Gloppen FIL, og i fleire andre organisasjonar i Gloppen.  Dag Fosstvedt døydde torsdag 15. september, 95 år gamal, og vart gravlagd i dag.  
Dag var lærar på Sandane skule fram til han vart pensjonist.  Ein flott og god lærar for barneskuleelevane, er skussmålet frå både tidlegare elevar og  foreldre.
Vi andre vil kanskje minnest Dag mest som den gode idrettsadministratoren, med ukueleg pågangsvilje og -mot, og som stadig var i aktivitet for dei to idrettane han brann for: Friidrett og orientering.  Han var ein ivrig organisator i mange år i o-gruppa i Fjellhug/Vereide il, samstundes som også jobba for friidretten i laget.
Det er likevel friidretten i Gloppen Friidrettslag han har brukt mest timar på.  Som redaktør av lagsavisa Gloptimisten, var han stadig på farten, enten for å "piske" oss andre til å levere stoff, eller på jakt etter annonser.  Og så måtte han sjølvsagt lage sitt eige kryssord i lagsbladet.  Utan Dag hadde neppe Gloptimisten runda 30 år, og vorte eit interessant og lesverdig blad i alle heimar i Gloppen.
Dag var ikkje nokon stor tilhengar av avansert data, men som pensjonist lærde han seg dei mest nødvendige grepa.  Det manuelle arbeidet følte han sikkert han hadde best kontroll med, og lister og startkort utfylte på gamlemåten var trygt og godt.
Dag var ein liketil, ærleg, deltakande og trygg friidrettsven.  Han var bestemt, men venleg.  Han brann for å få flest mogeleg med på veteran-friidrett, og mange har fått uventa telefonar med spørsmål om å springe ein stafettetappe i Naustdal, Olden, og Breim.  Ein måtte opp med gode argument for å sleppe unna!
Veteranfriidrett på bane betydde også mykje for Dag, og då spesielt veteranserien. Det var viktig å få nok resultat, og å få resultat i alle  øvingar.  Mange har nok måtte prøve på litt uvante distansar for å tilfredsstille Dag sine ambisjonar for veteranserien.  
Mykje kan seiast om Dag Fosstvedt, men alle måtte like denne mannen. Han hadde også energi til å bruke av fritida i Røde Kors, og andre organisasjonar som var til hjelp for folk som hadde behov. Sjokoladeklubben for dei eldre på Omsorgssenteret har alle høyrt om.  Musikk og sjokolade skapte trivsel mellom bebuarane.
Vi som har kjent Dag i mange, mange år, og har hatt gleda av å jobbe i organsisasjonslivet saman med han, har lært utruleg mykje av han.  Vi vil sakne denne alltid joggande, smilande, blide, sympatiske, energiske og omgjengelege mannen!




221 påmelde til NM Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Sep 2022

Velledalen il er i år representert med heile 17 deltakarar.  Her er tre som var med i fjor


Heile 221 løparar har innan påmeldingsfristen meldt sin ankomst til NM Gloppen Halvmaraton laurdag 1. oktober.

Dette er gledeleg mange, og som arrangør har vi nådd måltalet vårt på minst 200.  Det er framleis teknisk mogeleg å melde seg på, men startkontingenten stig etter kvart som tida for start nærmar seg, så vi trur nok at det ikkje vert så mange som kjem i tillegg til dei 221 som var noterte tirsdag kveld.

 Det blir eit kjempeflott arrangement, tenkjer vi, med eit mylder av folk langs FV615.  No står det berre igjen å krysse fingrar for "godt og tjeneleg ver"!



Deltakarinformasjon for NM Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Sep 2022

Ragnhild frå Sandane i fint driv over Storebrua i fjorårets halvmaraton

    Informasjon Gloppen Halvmaraton 2022

 

  • Det vert ingen spesielle Covid-19-reglar i år.  Men generelt gjeld likevel at ein tek omsyn, og ikkje stiller opp om ein har mistanke om at ein kan vere korona-smitta.

 

  • Parkering: Ved Trivselshallen (tilkomst Gotavegen v/ Bunnpris).  Også parkering i sentrum. Det blir ikkje lov å parkere i start/målområdet.   Skilt og parkeringsrettleiar ved Bunnpris

 

  • Start, mål og sekretariat vert ved STIL-stova, som ligg ved Idrettsplassen i sentrum (Firdavegen)

 

  • Garderobar med toalett finn du i Trivselshallen (100 m frå Idrettsplassen).  Garderobe nr 6 er for menn, garderobe nr 5 for kvinner.  Der er også toalett i STIL-stova, kjellaretasjen, og 2. etg

 

  • Påmelding:  Alle skal vere påmelde innan fristen.  Startnummer m/brikkerog nåler er pakka i konvolutt som vert utdelt i sekretariatet før start.  Sekretariatet er ope frå kl 10.00.  Startliste med nummer ligg også på EQTiming NM/Gloppen Halvmaraton/NM Halvmaraton 2022 (eqtiming.com)

 

  • Start: 
    1. Kl 13.00 for dei som ønskjer å starte tidleg, eller har oppgjeve eit antatt sluttid på + - 2 timar
    2. Kl 14.00:  Hovudstart (fellesstart)

 

  • Løypa:  Starten: Løypa går i Firdavegen, ned mot krysset til FV615. Ledebil framfor hovudfeltet.
    1. Tilbake mot mål:   Ein følgjer gata tilbake, i krysset ved Intersport.   Det er ikkje lov å kutte inn mot hjørnet av bygget, slik ein har kunna gjort tidlegare år.
    2. Løypa er kontrollmålt i haust , og er sertifisert nasjonalt og internasjonalt.

 

  • Startnummer:  1 – 100 for tidleg-startande, 101 og oppover for hovudfeltet. Dei som stiller i NM-klassen har svarte siffer, dei som stiller utanfor NM har raude siffer.  Det vert også «startnummer» som viser klasse, det skal festast på ryggen.

 

 

  • Premiering: 
    1. NM-medaljer i junior-, senior- og veteranklassane
    2. Premie til beste tid i kvar klasse, i eller utanfor NM Halvmaraton 
    3. Premie til beste dame- og herre-tid
    4. Premiar uttrakt på startnummer, m.a. overnatting/middag for 2 personar på Gloppen Hotell

 

 

  • Drikkestasjonar: I løypa: Etter ca 7, 10 og 14 km, og i mål.   Eigne drikkeflasker kan leverast inn, må merkast, og blir tekne med til stasjonen på Rygg (7/14 km) der dei blir plassert på eige bord. Løparens eige ansvar å finne flaska si!

 

 

  • VIKTIG: Der er sett restriksjonar på biltrafikken i løypa, men det vil i enkelte deler vere trafikk.  VER DIFOR OBSERVANT PÅ TRAFIKKBILETET UNDERVEGS.  SJØLV OM DET KØYRER LEDEBIL FRAMFOR DEI FREMSTE, ER AVSTANDANE STORE TIL DEI SOM KJEM BAK.


Oversikt over deltaking i Gloppe-Trimmen før siste trimkveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Sep 2022

Før siste Gloppe-Trim-kveld om ei lita veke, ser deltakinga i år slik ut

 

EtternamnFornamnÅrsbesteTal delt.
FrøyenLiv Henny#NUM!14
GautefallÅsne Susanne Viken#NUM!14
HolmeBritt#NUM!14
RosetNils Ove#NUM!14
ApalsetMarit#NUM!14
MardalAase Karin#NUM!14
MyklandAnita#NUM!14
RyssdalRandi#NUM!14
SamestadAnders#NUM!14
EngelstadInger Lise#NUM!13
EngelstadIvar#NUM!13
GausdalPer Ola#NUM!13
LundarUna Ingeborg Gaasemyr#NUM!13
RosetÅshild #NUM!13
SandeKjell  #NUM!13
YtredalKari#NUM!13
DjupvikMari Sægrov11,0212
ElvebakkLise#NUM!12
ElvebakkMarion#NUM!12
RyssdalPer  #NUM!12
SægrovMay-Britt8,0112
GjengedalMarie#NUM!11
LotheSteinar#NUM!11
NyhammerMargit#NUM!11
PedersenBjørnar#NUM!11
RosetJan Erik17,1911
SandnesInger#NUM!11
SørebøGerd#NUM!11
Tystad Else#NUM!11
UndertunPål Asbjørn#NUM!11
AaBertine#NUM!10
AlmeFrank21,2310
GustafsonLill#NUM!10
HorntvedtMarkus Berg7,489
RådArild#NUM!9
SandeLilly Svidal11,299
TveitMerete#NUM!9
BakkelidAnne Kristin#NUM!8
HorntvedtArild14,438
BakkelidHeidi#NUM!7
FuglestrandFrida Mardal11,227
Sægrov-ØygardHeidi 8,277
ØygardUlrik Sægrov 7,537
AlmeKristian #NUM!6
BakkelidLukas Verlo#NUM!6
FuglestrandFredrik Mardal 11,096
GjengedalAsbjørn#NUM!6
GjengedalOlaug Bakke#NUM!6
SvidalIrene15,276
HorntvedtSolveig Berg11,005
Roth-AndenæsVetle9,075
SørheimAnita10,245
SørheimAnna Mathea Honningsvåg7,535
SørheimLars Andreas Honningsvåg9,045
AustrheimRagnhild B#NUM!4
DjupvikMarkus Sægrov6,584
DjupvikRoger Aa16,444
HumbersetSindre19,164
MardalAnna Elisabet#NUM!4
Roth-AndenæsBjørn 17,294
SenemaAbel9,074
TveitCecilie16,484
ØsterbyeMarius Gade8,264
BakkelidAnja#NUM!3
BogstadAudhild#NUM!3
HansenBenny Østerbye19,233
KandalRuben10,243
MardalOla Johan Lothe10,373
MyklandSofie Ravnestad#NUM!3
SandeAne Svidal14,113
SandeMarius Svidal10,123
UndertunBente#NUM!3
ØygardTuva Sægrov8,533
DyrnesIngeborg#NUM!2
FjellestadEdvard15,582
FløtreIngrid Agnes Sæland#NUM!2
FuglestrandFilip Mardal7,372
FuglestrandOle Dan18,502
GadeSine 21,082
HonningsvågLars Helge9,062
HorntvedtJohanna Berg15,022
LarsenFrode#NUM!2
LotheJørn15,292
MardalOlianne Lothe9,342
MathisenEspen17,192
RaknesBaard14,562
SandeHans Svein#NUM!2
SandeTordis#NUM!2
SvalheimAurora7,022
TveitOdd Bjarne17,362
VieTina Løkke19,232
AlmenningElna Marie#NUM!1
AlmenningOddvar#NUM!1
AskeHarald#NUM!1
AskeIngrid  #NUM!1
DaleIngeborg Mardal#NUM!1
EideVidar17,571
EikenesElise M#NUM!1
EikenesOthelia#NUM!1
ElvestrandSimen16,111
EngelstadJenny Kristin#NUM!1
FjellestadSindre14,421
FonnThomas#NUM!1
GuleKristianna Gimmestad#NUM!1
HellerudØystein#NUM!1
HjellbakkAdine10,551
HoleAndreas Nyhagen 17,031
HåheimMari#NUM!1
HåheimTerje#NUM!1
KandalRagne Marie Røed#NUM!1
LundeJorid #NUM!1
MardalKristian18,311
MardalKristin#NUM!1
MyklandArne#NUM!1
NerlandBirgitte#NUM!1
NygårdHildegunn Bakketun#NUM!1
NygårdMariell Bakketun#NUM!1
NygårdOlivia Bakketun#NUM!1
ParkNikolai17,141
RosetEmil Mardal17,161
RyggMajken Gøranson#NUM!1
SandeSamuel Langeteig11,251
SkeistrandElin#NUM!1
SolheimRita18,241
TvibergHildegunn  #NUM!1
Tystad Magne#NUM!1
VengenSigurd#NUM!1
VerloKjartan#NUM!1
ÅrdalTormod  #NUM!1


Nest siste Gloppe-Trim i år

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Sep 2022

Alle desse sprang på tid i går kveld, eit flott knippe idrettsfolk!


 52 frammøtte på Gloppe-Trimmen i går kveld, som var den nest siste i år.  Neste onsdag er det avslutning og premieutdeling,

Arild Horntvedt hadde beste tid mellom dei som sprang 4 km, og May Britt Sægrov vann flaxlodda.

EtternamnFornamn Tid  KM
AaBertinex
ApalsetMaritx
BakkelidAnne Kristinx
BakkelidHeidix
BakkelidLukas Verlox
DjupvikMari Sægrovx
DjupvikMarkus Sægrov6,58
DjupvikRoger Aax
EikenesOtheliax
ElvebakkLisex
ElvebakkMarionx
FrøyenLiv Hennyx 
GausdalPer Olax
GautefallÅsne Susanne Vikenx 
GjengedalMariex
GustafsonLillx
HolmeBrittx 
HonningsvågLars Helge9,06
HorntvedtArild15,164 km
HorntvedtMarkus Berg7,48
KandalRuben10,28
LotheJørn15,464 km
LotheSteinarx
LundarUna Ingeborg Gaasemyrx
MardalAase Karinx
MyklandAnitax
NyhammerMargitx
PedersenBjørnarx
RosetJan Erik17,194 km
RosetNils Ovex
RosetÅshild x
RyssdalPer  x
RyssdalRandix
SamestadAndersx
SandeKjell  x
SandeLilly Svidalx
SandeMarius Svidal11,22
SandeSamuel Langeteig11,25
SandnesIngerx
SvidalIrene16,034 km
SægrovMay-Britt17,424 km
Sægrov-ØygardHeidi x
SørebøGerdx
SørheimAnita20,204 km
SørheimAnna Mathea Honningsvåg7,53
SørheimLars Andreas Honningsvåg9,04
TveitMeretex
Tystad Elsex
UndertunBentex
UndertunPål Asbjørnx
Øygard

Alle med tid som ikkje har oppført 4 km, har sprunge 2 km
Ulrik Sægrov 8,26




NM Gloppen Halvmaraton: Påmeldingane tikkar inn

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Sep 2022


I skrivande stund er 126 påmelde til NM Gloppen Halvmaraton.  Med knappe to veker før påmeldingsfristen går ut (20. september), trur vi nok at deltakartalet vil nærme seg 200.  Erfaringsmessig kjem dei fleste påmeldingane dei siste fjorten dagane.

Påmeldingslink: NM/Gloppen Halvmaraton/NM Halvmaraton 2022 (eqtiming.com)

Mange lokale er allereie påmelde, men vi håpar at enno fleire vil nytte høvet å få med seg ein NM-start.  Det må no vere stas!



Halvmaratonløypa er sertifisert

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Sep 2022

Her er beviset for at Gloppen Halvmaraton si løype er kontrollert og godkjent, og klar for å setjast rekordar i, om vi får nokre sterke løparar på startstreken!



3. siste Gloppe-Trim

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Sep 2022

 I mangel av bilete frå i kveld, kan vi bruke eit frå 2009, og Gloppe-Trim nr 1, første løpet 29. april det året.  Så kan jo nokon sjå om dei kjenner seg igjen...


Litt færre med i kveld.  No er det 34 som vil få premiering, dersom dei som no har minst 6 gonger er med på dei to siste trimkveldane.  Så har vi ein litt mindre gjeng som kan knivast om gåvekortet på kr. 2.000,- frå Intersport, då må ein ha vore med minst 10 gonger.

Kveldens vinnar av flax-lodd vart Solveig Berg Horntvedt.

AlmeFrank21,47
ApalsetMaritx
DjupvikMari Sægrov12,29
ElvebakkLisex
ElvebakkMarionx
EngelstadInger Lisex
EngelstadIvarx
EngelstadJenny Kristinx
FonnThomasx
FrøyenLiv Hennyx
GausdalPer Olax
GautefallÅsne Susanne Vikenx
GustafsonLillx
HolmeBrittx
HonningsvågLars Helge9,31
HorntvedtArildx
HorntvedtJohanna Berg15,02
HorntvedtMarkus Berg7,49
HorntvedtSolveig Berg12,16
HåheimMarix
HåheimTerjex
LotheSteinarx
LundarUna Ingeborg Gaasemyrx
MardalAase Karinx
MyklandAnitax
RosetNils Ovex
RyssdalPer  x
RyssdalRandix
SandeKjell  x
SandnesIngerx
SvalheimAurora7,02
SægrovMay-Britt8,01
SørheimAnita20,12
SørheimAnna Mathea Honningsvågx
SørheimLars Andreas Honningsvåg9,31
Tystad Elsex
YtredalKarix


55 denne onsdagen også!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Sep 2022


EtternamnFornamn Tid 
AaBertinex
ApalsetMaritx
AustrheimRagnhild Bx
BakkelidAnne Kristinx
BakkelidHeidix
BakkelidLukas Verlox
DaleIngeborg Mardalx
EngelstadInger Lisex
EngelstadIvarx
FrøyenLiv Hennyx
FuglestrandFredrik Mardal 24,32
FuglestrandFrida Mardal12,50
GadeSine 21,08
GausdalPer Olax
GautefallÅsne Susanne Vikenx
GjengedalMariex
GustafsonLillx
HansenBenny Østerbye19,23
HolmeBrittx
HorntvedtArildx
HorntvedtJohanna Berg17,40
HorntvedtMarkus Berg8,10
HorntvedtSolveig Berg25,31
LotheSteinarx
LundarUna Ingeborg Gaasemyrx
MardalAase Karinx
MardalKristinx
MardalOla Johan Lothe10,43
MyklandAnitax
NyhammerMargitx
PedersenBjørnarx
RosetEmil Mardalx
RosetJan Erik17,16
RosetNils Ovex
RyssdalPer  x
RyssdalRandix
RådArildx
SamestadAndersx
SandeAne Svidal28,33
SandeKjell  x
SandeLilly Svidal25,31
SandeMarius Svidalx
SandnesIngerx
SvidalIrene15,27
SørebøGerdx
SørheimAnita20,02
SørheimAnna Mathea Honningsvåg8,27
SørheimLars Andreas Honningsvåg9,11
TveitCecilie16,48
TveitMeretex
UndertunBentex
UndertunPål Asbjørnx
VieTina Løkke19,23
YtredalKarix
ØsterbyeMarius Gade19,23


Idrettsmerkeprøve

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Sep 2022


Idrettsmerke 2022
 Møt opp ved gamle Vereide skule måndag 12.sept.  kl 18:00


 Styrke,spenst og hurtigheit gjennomførast ved skulen. 

Ta med sykkel for gjennomføring av uthald.

Trimgruppa Fj/V
 



Resultat frå årets Lerøyleikar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Sep 2022


Årets Lerøyleikar er historie, og dei vart veldig vellykka. Flott ver, flinke 13- og 14-åringar, og veldig god arrangør sytte for at dette går inn mellom dei betre stemna på Byrkjelo.  Breimsbygda var ansvarleg arrangør, men hadde god hjelp av funksjonærar frå Jølster, Hyen, Fjellhug/Vereide, STIL og Brodd.

Lerøyleikane fokuserer på at dette er ein lagkamp, med alt det sosiale ein slik konkurranse tek med seg både på bana og utanfor.  Ei slik samling blir nok av mange hugsa som eit høgdepunkt i idrettslivet.

Kompett resultatliste LERØY-leikane Byrkjelo.pdf

https://data.opentrack.run/en-gb/x/2022/NOR/leroyvestl/ 

(Open Track er eit web/nettbasert arrangement- og resultatsystem som blir teke meir og meir i bruk, og vil på litt sikt truleg erstatte FriRes, som vi er godt kjende med i friidretten.  Gå gjerne inn og gjer deg kjend med sida)



Hugs klubb ved påmelding!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Sep 2022

Vi minner om at dei som melder seg på i NM Halvmaraton, oppgir eit registrert idrettslag som klubb, jfr. NM-reglementet.
Deltek ein utanfor NM, er der ikkje krav om klubb.
NORGES FRIIDRETTSFORBUND Sist endret 15.12.2021
Reglement og retningslinjer ved norske mesters kap. 3: Utøvere som er medlemmer av lag tilsluttet Norges Friidrettsforbund og av World Athletics (IAAF) definert til å kunne starte for Norge internasjonalt, kan delta i norske mesterskap (representasjonsbestemmelser, regel 5 i konkurransereglene)