Skicrossløype på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 14. Des 2017

I går var det skitrening/skileik på Kleivane. Ca 20 barn i alle aldrar møtte og hadde ein kjekk time.
Det vart sett opp ei skicrossløype, og den står der til fri bruk nokre dagar framover. So det er berre å nytte veiret og føret so lenge det varer....



SKILEIK

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 11. Des 2017

 No har vi hatt snø på Kleivane i fleire veke allereie, vi har vore usikre på kor lenge den ville bli liggande,derfor har vi ikkje starta opp med noko trening. Men no er vi klar. 

Skileik for ca 12år og yngre (men alle kan kome)

Onsdag 13. Desember kl. 18.00 -19.00

Helsing frå Arne,Sverre og Jonfinn

Vel møtt


ÅRETS JULGÅVE???

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 23. Nov 2017


BLACK FRIDAY OG FØREJULSTILBOD 😲
Kr.500.- tom 23.desember. Kr.600.- fom 24.desember. Fin julegåve 😊
P-korta er klare for sal på Statoil og Intersport (O. K.Henden) kontant eller Vipps.
Elles kan Du betale via nettbank til 3710.30.87512 mrk med p- kort, då vil Du få det tilsendt.
Løp og kjøp....👍



Skisesongen 2017

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 6. Apr 2017

So lite snø var det på fjellet i slutten av mars


Kort oppsumert har det i år vore dårlegaste snøvinteren på mange år. Dette har ført til at det nesten ikkje har vore løyper på Kleivane skisenter i år. Den nye maskina har fått lufta seg berre nokre få gongar, men då virka den fint. Vi kan også seie TUSEN TAKK til alle som var med og støtta kronerullinga på maskina. Det er synd vi ikkje har fått laga meir løyper både til støylane og til fjells, men slik vart det i år.

Det har heller ikkje vore arrangert karusellrenn, Kleivanerenn eller Rypeskarrenn. Kleivanerennet vart flytta inn til Ullsheim med Markane IL som hovedarrangør, men Jonfinn mfl hjelpte til.

Heller ikkje har det vore felles treningar. Men likevel har vi hatt nokre få ivrige familiar som har følgt sine barn og ungdomar på fleire renn rundt om i fylket.
Andreas Rauset (har vore skada i ein arm heile sesongen) og Even Nesgård er med på Sogn og Fjordane skikrins sitt krinslag, Even har vore med på fleire Norgescup renn for Jr, og elles går han på skilinja på Sogndal vg skule, med gode treningar der.

Even fekk i år utdelt innsatsprisen på Fj/V årsmøtet. Den fekk han for og ha vore/er aktiv i fleire idrettar over mange år. Han har vore med sidan barneidretten, og vore innom dei fleste gruppene i laget, men no satsar han mest på langrenn. Om sommarane deltek han ofte på Motbakkeløp, og har fleire sigrar og gode tider der. Han er også med på sykkelritt rundt om i landet. Vel fortent pris og gratulerer.

Trygve Henden Gaasø er fortsatt aktiv, men slit med div plager endå. Han har delteke på nokre renn utan dei heilt store plasseringane, men viktigaste er å kjenne om kroppen fungerar. Han var bla med på NM del 2 no på tampen av sesongen.

Dei ivrigaste skiløparane i laget i vinter, har nok vore nokre veteranar/Birkebeinarar. Dei har køyrt utallige turar til bla Sogndal og Ullsheim for å trene til Birkebeinerrennet. Leidulv Sollid, 80 år, er av dei ivrigaste og sprekaste veteranane, men han var uheldig og fekk ein skade siste veka før Birkebeinarrennet og fekk dermed ikkje delta. Det tykte vi var trasige greier, men vi ynskjer lukke til med ny sesong.

Rypeskarrennet som pleier å gå av stabelen påskeafta, blir i år avlyst. Men veir og føre kan vi ikkje gjere noke med. Påska er sein, men i vinter har det ikkje vore forhold uansett, so vi får berre satse på ny og betre vinter i 2018.

Det var litt oppsummering frå skigruppa 2017.

GOD PÅSKE !!


1 Kommentar

RYPESKARRENNET AVLYST

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 6. Apr 2017

Rypeskarrennet 2016. Slik skulle vi ynskje det var i år og.....

Som dei fleste sikkert skjønnar, blir det ikkje Rypeskarrenn i år. Med så lite snø som det har vore i vinter, og i tillegg så sein påske, har det egentleg lenge vore klart at Ryeskarrennet "låg tynt an". Vi får håpe på betre snøvinter neste sesong, no er det vår og andre aktivitetar framover.

GOD PÅSKE!!



AVLYST- KLEIVANERENNET

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 31. Jan 2017

Pga snømangel er rennet på Kleivane avlyst på søndag. MEN det er flytta til Ullsheim i Markane LAURDAG 4.FEBRUAR.

Vi håpar på snø utover i februar, og då blir det karusellrenn på kort varsel. De får berre følgje med på nettsidene framover.



KLEIVANERENNET SØNDAG 5.FEBRUAR 2017

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 19. Jan 2017

Vi må planlegge årets Kleivanerenn sjølv om det i dag er ruskeveir. Vi får håpe på meir vinter dei neste to vekene.

Her er arrangørliste og innbyding. Håpar de er positive og stiller på og hjelper til.

Innbyding+Kleivanerennet+05.02.2017.doc

Arrangørliste Kleivanerennet 2017.docx