Hovedløpet og o-landsleir

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Orientering den 20. Aug 2015

Magnar Slagstad og Magnus Eide deltok 7.-12.august på Hovedløpet i orientering og o-landsleir i Stavern-Larvik området. Dei konkurrerte med dei beste i sine årsklasser og deltok på sprint i Larvik med mål på Fritzøe Brygge første dag. Der fekk dei brukbare plasseringar og var stort sett nøgde med innsatsen  tross for nokre småbommar og ikkje heilt optimale vegval. Dagen etter var det svært krevjande langdistanse, og gutane kom då lengre ned på lista.
Vidare var det to kjekke dagar med treningar og andre aktivitetar før leiren vart avslutta med krinsstafett inne på det historiske området i Stavern. Her blei det dessverre diskvalifikasjon på Sogn og Fjordane sitt lag. Det var ei veke med kjekke aktivitetar som freistar til gjentaking neste år.