Terminliste friidrett 2016

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 11. Mai 2016

Terminlista 2016 for friidrett finn du her. Søkefunksjonar.





To flinke jenter!

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 15. Mar 2016


Else-Mari Nyheim og Cecilie Tveit har vore svært flinke å gå på friidrettstrening siste åra. Dessutan likar dei å vere med på konkurransar, og på Gloppe-Trimmen 2015 sprang Cecilie på tid i alle 16 konkurransane. I GloppeTrimmen si 7-årige historie er det berre ho som har prestert det! Difor var det berre rett og rimeleg at dei fekk ei lita påskjøning siste treningskveld i Trivselshallen: Kvar si Fjellhug/Vereide konkurranse T-skjorte! Vel fortent, og lukke til med 2016-sesongen!

Foto: Cathrine Evensen Mardal



Hugs lisensen

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 10. Mar 2016

Friidrettsgruppa minner alle om den obligatoriske lisensen. Gjeld f.o.m. 13 år (f. 2003 og tidlegare) Skal ein delta på banestemne, MÅ ein ha heilårslisensen. Deltek ein på mosjonsarrangement utanfor bane, kan ein velje eingongslisensar (storleik avhengig av startpengar), eller heilårslisens.

Dette gjeld altså ALLE frå 13 år til og med veteranar.

Her ordnar du årslisensen: http://mosjon.friidrett.no/lisens2016





Etter jr-NM: Fint overskot til Gloppen-laga

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 28. Des 2015

Junior-NM i friidrett var ein sportsleg suksess - med gode resultat, fleire rekordar, og god omtale i media og frå deltakarar og tilreisande.

Då er det også kjekt å sitje att med eit fint overskot til dei deltakande klubbane. For Fjellhug/Vereide il betyr det kr. 20 000 inn i klubbkassen no før jul.

For oss i friidrettsgruppa er det bra å kunne bidra slik at vi får inntekter til klubben, og her er vi som ved dei fleste arrangementa vi har avhengig av felles innsats på tvers av gruppene i laget. Vi seier tusen takk til alle som var med og jobba for at NM Jr. vart den sportslege og økonomiske suksessen det vart!


Vi får nok fleire arrangement utover der vi hentar hjelp på tvers av gruppene - større skiarrangement som Rypeskarrennet er eksempel på det. Og ikkje minst skal det arrangerast eit NM 19 år i volleyball i mars der Fjellhug/Vereide som ein av arrangørane vil bidra sterkt. På dei mindre stemna vil nok gruppene stort sett halde seg til gruppestyre og foreldre så langt dei kan, sjølv om det er , og bør vere, låge tersklar for å spørje alle medlemene i laget om hjelp.

Eitt av idrettslaget sine største nyttårs-ønskje må kunne vere at fleire kjem til gruppene og seier dei vil vere med å hjelpe til. Her er mange tilflytta som kanskje vi som leiarar ikkje veit om, eller tenkjer på, og det hadde vore kjekt om vi kunne få med oss fleire av desse. Ta kontakt! Gruppeleiarar og andre i grupppene finn du her: http://www.fjellhugvereide.no/p/4193/grupper



Halvmaraton på Sandane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 5. Okt 2015




Fjellhug/Vereide IL prøver til att med ein halvmaraton også i år.

Fleire har etterspurt om vi ikkje også i år skal arrangere, og med ein fin haustsøndag i vente 11. oktober, kann det passe godt å sleppe løparane lause på 21.098 m.

Løypa har ein serdeles fin profil, der den går på FV 615 frå STIL-stova langs Sørstranda til litt forbi avkøyringa til Ivahola. I fjor hadde m.a. maratonkongen Helge Hafsås årsbeste, sjølv om veret var skikkeleg surt og kaldt.


Det er gode vermeldingar for helga, og her bør mosjonistar og andre nytte høvet til å få notert seg ei tid på denne distansen, som elles ikkje vert arrangert så ofte her i området.

Starten går kl 14.00, med førehandspåmelding til dagfinn.nyhammer@enivest.net, og elles med påmelding fram til ein time før start. Startpengar kr. 100,-. Legg gjerne påmeldinga di som ein kommentar til denne artikkelen