Maskina i drift igjen

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 31. Jan 2015



Då er maskina igong att ! I dag er Bjarte igong med løypekøyringa. etter at han er ferdig med traseane til rennet, blir det nok fine løyper både til Høxvaren og inni Bjørndalen smile emoticon
Ta turen til Kleivane skisenter i dag, der blir det liv og røre. open kiosk med kaffi og vafler mm. Nyt dagen oppi sola!



Minner om karusell rennet laurdag

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 30. Jan 2015



Husk å meld dokke på til rennet i mårå. Send ei mld til Astrid i dag eller i mårå tidleg før kl10.30. So håpar vi å sleppe stresset rett før start, det tar litt tid å få ut listene og.
Vel møtt


NM sprint klassisk stil på Røros

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 30. Jan 2015

Trygve Henden Gaasø vart nr 49 i prologen, og kom seg ikkje vidare blandt dei 30 beste som fekk gå finalane.
Herre resultata finn de her:
http://www.skinmroros.no/wp-content/uploads/2014/10/revidert_herrer-sprint-kvalifisering-resultater.pdf


KLEIVANE-RENNET, INNBYDING OG FUNKSJONÆRLISTE

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 29. Jan 2015

Søndag 15.februar er det klart for Kleivanerennet.
SSF cup rekrutt/Krinsrenn/Sonerenn.
Rennet går i klassisk stil for alle klasser. Start kl.12.00 for 10 år og yngre.
Det blir sett opp arrangørliste og sent ut innbyding ein av fyrste dagane,so føl med for meir informasjon.
Det er ope for alle ca 6 år og oppover. Dokke som har vore med på karusellrenna må gjerne vere med på dette og. MEN de må melde på på førehand,sjå under.
Medlemar i Fjellhug Vereide betalar kr 50.- ved henting av nr.

INNBYDING TIL KLEIVANERENNET 2015


SSF cup rekrutt/ krinsrenn/ sonerenn

Kleivane skisenter (Fjellbygda) søndag 15.februar

Start: Kl.12.00 for 10 år og yngre

Kl.13.00 for 11 år og eldre

Stilart: Klassisk

TD: Yngve Thorsen

Rennleiar: Jonfinn Aske

Klasser/løypelengder og startkontigent

8 år og yngre ca 1 km 9-10 år ca 1,5 km kr.100.-

G/J 11-12 år 2 km kr.100.-

G/J 13-14 år 3 km kr. 100.-

G/J 15-16 år 5 km kr.100.-

J 17/18 -19/20 år 5 km kr.115.-

Damer senior 5 km kr.130.-

G 17/18-19/20 10 km kr.115.-

Menn senior 10 km kr.130.-

Påmelding online evt til astrid.hauge@enivest.net innan fredag 13.februar kl 23.59.

Ta med kvittering for betalt startkontigent, k.nr 3710.30.87512 evt bet ved henting av startnr.

Premie til alle etter rennet.

Sjå også heimesida http://fjellhugvereide.idrettenonline.no/home/index.rails?pid=4192

Evt facebook, søk på «skiføre Kleivane» eller Fjellhug Vereide

Parkeringsavgift på Kleivane kr.40.- (for dei som ikkje har årskort)

Kiosk.

Ynskjer alle velkomne til ein triveleg dag på Kleivane.

Mvh Fjellhug Vereide IL, skigruppa

V/ Astrid Fjellestad Hauge

Mob 41504566

Arrangørliste til Kleivanerennet søndag 15.februar

Start kl.12.00 for 10 år og yngre kl.13.00 for 11 år og eldre.

Klassisk stil alle klasser.

I år er det SSF cup for rekrutt, so det blir nok god deltaking frå heile fylket. Dette rennet krev litt meir enn vanleg karusellrenn, så vi håpar de stiller opp og hjelper oss.

Funksjonærliste:

Rennleiar: Jonfinn Aske

Løyper: Magnar Solheim, Jonfinn Aske

Arena/merkjing av løyper/løypevakter : Jonfinn, Sverre Aske, Øyvind Seim, Jan Roset, Arne Nesgård, Liv Kristin Rauset (+kake til kiosk)

Startarar: Per Engeset og Finn Hauge

Sekreteriat: Svein Hauge, Anne Britt(+ vaffelrøre), Astrid, Jan Roger Engeset

Mål/tid: Håkon Gaasø, Jon Granheim, Odd Arne Kolseth, Bjørn Inge Solheim, Edvard Fjellestad.

Saft/(ikkje kake i dag)/startnr: Margot Nesgård (+kake til kiosk), Johanna Ganc-Petersen(+kake til kiosk), Ingunn Elvebakk(+ca 20 pizzabollar til kiosk)

Kiosk: Ingvild Aske Granheim (+ ca 20 pizzabollar), Merete Aske(+ca 20 pizzabollar), Marit Myklebust (+ca 20 pizzabollar)

Speaker: Birger Berge

P-vakter:Kleivane ca 10.00. Rune Fjellestad, Terje Solheim, Egil Fjellestad

P-bill på Solheim : frå ca kl.10.00-12.30 Steffen Fjellestad jr

SFE smørjehjelp/tips: Sverre Aske, Øyvind Seim, Jan Roset

Alle møter i god tid. Viss det ikke passar, byt med noken andre.

Føl med på www.fjellhugvereide.no eller facebook sidene (skiføre på Kleivane og fjellhug vereide)

Då ynskjer vi vel møtt på Kleivane, til eit flott igjennomført arrangemang.

På førehand takk for hjelpa.

For skigruppa Astrid Fjellestad Hauge, 41504566





Skileik på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 26. Jan 2015



I mårå, tysdag, vil Vegard Fagerli frå kl. 18.00-19.00 ha skileik for dei under 8 år. Dette blir 2-3 tysdagar framover, med forbehold om at det ikkje er renn.
Det blir laga til cross-løype mm. veldig kjekt å vere med på!
"Vanleg" trening frå 18.30-19.30 for dei som er eldre. Klassisk stil nokre gongar framover no. Møt opp i god tid for å bli klar med smørningen. Sverre og Jonfinn blir der nok og kan tipse om dagens smurning.
Vel møtt.