Referat frå siste styremøte

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Aug 2015




Ikkje så ofte vi har hatt referat frå styremøta, her er imidlertid referat frå møtet no i august: Noko er litt i stikkordsform.

REFERAT HOVUDSTYRET FJELLHUG /VEREIDE IL

Stad: SFE

Tid: 20.8.2015 Kl.20.00



Til stades:

Else Margrete Larsen (arbeidsutval), Berit Aasebø Hauge (arbeidsutval), Kari Anne Slagstad (arbeidsutval), Unni Aske (handball), Ragnhild Gimmestad (volleyball), Kjellfrid A Gloppestad (trimutval), Astrid Fjellestad Hauge (ski), Dagfinn Nyhammer (friidrett), Vidar Eide (orientering), Roger Sunde Andenæs (økonomi).

Sak



Oppfølging/ansvar

24/15

Møtereglar

Vi brukar desse møtereglane på hovudstyremøta.

Møte presis.
Slå av mobil.
Sleppe alle til.
Vere konstruktive
Bruke tida «vetigt».
Vere førebudde.
Effektiv tidsbruk



25/15

Møtereferat

Legg til: Historia til Fjellhug /Vereide er tenkt ferdig til 125-års jubileum i 2014.

Referatet vart godkjent.



26/15

Lovnorm

Arbeidsutvalet fullfører dette arbeidet.



27/15

Fjellbygdevegen

Vegen frå krysset til ytre og indre Fjellbygda og opp til Solheim er smal og dårleg, vi ynskjer å få fokus på det. Det er viktig for bruken av Kleivane.

Organisere press både frå bebuarar og lag.

Ta kontakt med kultursjef og næringssjef.



28/15

Status politiattestar.

Kva reglar gjeld?

Dagfinn har hatt dette og ynskjer avløysing, Else Margrete overtek.



29/15

Sponsorar

Det vert gjort ein god jobb for å skaffe sponsorar opp mot ulike arrangement.

Det er einigheit om at laget bør ha ein hovudsponsor.

Dette må det arbeidast med framover.



30/15

Besøk frå Idrettskrinsen

Idrettskrinsen ynskjer å kome på besøk til laget vårt.

Vi inviterer dei til styremøtet i september.





Else M

31/15

Aktivitetsleiarkurs barneidrett.

23.-24. oktober. Barneidrettsgruppa finn folk til det.



32/15

Referat/rapportar frå gruppene:

Volleyball – Ragnhild

Damelaget spelar i 3. div. i år. I fjor var dei i 2.div. Har misst litt spelarar.
Veit ikkje korleis det blir på herresida.
Påmelding divisjonsspel 15. september.
Ynskjer å kunne tilby mest mogleg treningar.

Orientering – Vidar

Magnus og Magnar deltok i NM i Larvik i august.
KM langdistanse i august.

Friidrett – Dagfinn

Svinestranda opp. Stor deltaking – meir enn før.
Trimklassa har dårleg deltaking.
Reknar med økonomisk overskot pga. sponsorane.
Junior NM på Byrkjelo – stor suksess.
Sparebankleikane.
KM.
Friidrettsdag for Nordstranda skule i lag med Idrettslinja Firda vgs. Er eit godt arrangement.
STIL og Fjellhug/Vereide har trening i lag, lav deltaking frå Fjellhug/ Vereide IL.
Lagsmeisterskap i v. 35.
Regionleikar8. – 12. september.

Ski – Astrid

Skisamling i Markane, dei som reiser får dekka halva av utgiftene- 400 kr.
Prøve å få til samling for 16 år på Sandane.
Få i gong skitrekk på Kleivane før snøen kjem.
Satse på ny/nyare trakkemaskin?


Handball – Unni

Landslagssamlinga. Flott opplegg, flott arbeidsinnsats.
Mini-handball 7-8 år på Nordstranda skule.
Gutar 11 år i Trivselshallen.
Godt samarbeid med GHK/STIL.
Arbeider med å finne treningstider og nok trenarar.

Økonomi – Roger

Dugnad 70- årsdag Magne Tystad.
Svinestrandsløpet. Kiosk/kafe. 1497kr.
Sandane –dagane. Rigge bord og rydde. 8000 kr.
Matamål.
Basar i oktober i Haugtun ?
Ta på seg arrangement i nærområdet.

NB! Tidleg beskjed til økonomigruppa om alle arrangement.
Minst 1 månad før.





33/15

Eventuelt

Idrettslaget presenterer seg med brosjyre på Open skule på Firda vgs.

Styremøta vekslar mellom måndag og tysdag.

Det vert laga ny møteliste.

Heimesida. Få inn alle treningstider med rett tidspunkt mm.

- Korleis legge inn ting på heimesida, ved Dagfinn.







Else M



Referat:Berit Aasebø Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.