Sprek gjeng på skogstur

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mai 2016

Trimgruppa i Fjellhug Vereide har allereie gått turer både på Austrheim og Vereide.

Torsdag 19.mai gjekk turen frå Åsebø til Varbufjellet. Det vart tid til både kaffedrikking, prat og fotografering.

Turen gjekk vidare til Bolberg, og for ein sprek og triveleg gjeng.

Det er berre å møte opp, det er plass til fleire. Kor du bur er ikkje nøye, og ta gjerne med ein ven.

Bolberg

Varbufjellet


Vi samlast på den nedre parkeringsplassen ved skulen på Austrheim kvar tysdag kl 10.00, eller på Vereide kvar torsdag kl 17.00.

Der samlast vi v/lunneplassen ovanfor veien v/Asbjørg Apalset. Vi går i eit tempo som passar alle, eller vi delar oss i to grupper alt etter som. Det viktigaste er at vi kjem oss ut å gå, så har vi det på same tid litt sosialt, i staden for å gå kvar for oss.

Vel møtt i joggesko!

Kontaktpersonar Ruth 906 72 676 eller Ragnhild 952 62 237

Kontaktperson Vereide 970 82 070





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.