Jakob Gjengedal er gått bort.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Des 2019


Jakob Gjengedal er død, 88 år gamal.  

Med han er ein av nestorane i Fjellhug/Vereide Il borte. Han kom tidleg med i skisporten, og var på mange renn både i Gloppen og elles i Nordfjord.  Og reisene i gamle dagar var ikkje noko å kimse av; det kunne ta fleire dagar å kome seg til og frå eit skirenn i indre Nordfjord.

Jakob har alle år vore ein ivrig deltakar i Fjelltrimmen. Han har delteke sidan starten i 1973, og fekk 40-årspokalen i 2013.  – Då hadde eg vore med samanhengande sidan starten.  No har eg også vore med dei fire åra etterpå. Vi tok familiepokalen fleire år.  Mange hadde nok ikkje gått på fjellet dersom det ikkje var for fjelltrimmen, meinte Jakob.

Fjellhug/Vereide il held på med ei jubileumsbok for laget til 125-årsjubileet. Vi er glade for at vi i fjor tok turen ut til Jakob og fekk samla ein del stoff frå tida han var med. Han hadde ein lun, humoristisk og fin måte å vere på, og det var alltid kjekt å slå av ein prat med han.

Fjellhug/Vereide har mykje å takke han for!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.