Vi treng medlemmar til styret - årsmøte vert avholdt søndag 26.april

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Apr 2020

På same måte som mange andre aktivitetar i samfunnet har den organiserte idretten stoppa opp. Men skal vi halde Fjellhug Vereide i gang slik at vi kan ta opp att aktivitetar etter at «Koronakrisa» er over - så treng vi frivillige til «styre og stell». Denne gongen er det hovudstyret som er vanskeleg å få styremedlemmer til. Vi håpar denne korte appellen kan få folk til å stille seg positive dersom dei får ein telefon frå valnemnda. Hovudstyret møtast saman med leiarane for dei ulike gruppene ca 5 -6 gongar i året  og nokre gongar inn mellom for å gjere nødvendige avklaringar. Arbeidet handlar i hovudsak om å samordne dei felles aktivitetane i laget, løfte laget sine interesser vidare i idretten sin organisasjon og idrettsrådet i kommunen, og formidle informasjon den andre vegen. Ein har også den overordna økonomiske styringa av laget, sjølv om laget har ei eiga økonomigruppe. Arbeidet er ikkje veldig tidkrevande, men likevel roller som må fyllast. Vi håpar nokon kan stille opp slik at laget kan få på plass eit styre inn i det nye arbeidsåret.


Oppmodinga er å ta ein telefon til leiar i valnemda Børre Tystad 952 86 512.

Vi ynskjer deg i styret!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.