Søndag 27. september er det klart for Nordstrandsløpet!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Sep 2020


Nordstrandsløpet går på søndag

Det tradisjonelle Nordstrandsløpet går søndag 27. september.  Som vanleg er det start ved Nordfjord Folkehøgskule, med vending på Hauge, og tilbake til skulen.  Løypa er 6,7 km lang

Fjellhug/Vereide IL er arrangør, men laget har overlate det meste til den entusiastiske gjengen med elevar ved folkehøgskulen.  Dei står for registrering, og det meste av den praktiske avviklinga, og har eit engasjement som lyser lang veg.

Pass på påmeldingsfristen! I år har ein litt spesielle reglar for avvikling av idrettsarrangement pga covid-19.  Det betyr at alle må innom mosjon.friidrett.no for å melde seg på innan fristen.  Startnummer, nåler og medaljar må pakkast på førehand.  Dette er obligatorisk for friidrettsarrangement i år.  Arrangøren håpar difor at alle merkar seg rutinen for påmelding.

I tillegg til medaljen til kvar enkelt, vert det nokre premiar trekt på startnummer.

Merk at det er endring i starttidspunktet for konkurranseklassen, sjå annonse i Firda Tidend, og informasjon på facebook.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.