Svinestranda Opp - i år må det bli!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Mai 2021


Etter eit 2020 med pandemi og låg aktivitet, håpar vi at forholda har normalisert seg, og at vi får arrangert motbakkeløptet Svinestranda Opp på nokolunde normalt vis.

Søndag 20. juni er datoen, med start i Sandane sentrum kl 12.00. Samstundes startar 14 år og yngre på ei litt kortare løype, frå Austrheimsstøylen.  Veteranar +60 får høve til å starte kl 11.30, frå sentrum.

Påmelding skal gjerast via www.mosjonfriidrett.no , og det er ikkje høve til etterpåmelding iflg. dagens koronareglement.

Det er pengepremiar til dei beste løparane, hhv. 4000, 1000, 500, og 500 kroner til  1., 2., 3., og 4. beste tid i dame og herreklassen. Klassevinnarane får også premie, og det vert uttrekte premiar på startnr. 

Sjå innbydinga her 





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.