Accountor er med på laget

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Des 2021

Det største rekneskapskontoret i Gloppen er med som støttespelar for NM/Gloppen Halvmaraton 2022.  

Vi er stolte av å ha dei med oss, og at vi har fått ein fin avtale med dei.  Dei er også med under Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton i 2022/2023.

Det er viktig for oss at vi får lokale bedrifter inn som gode medspelarar, det viser at vi har eit næringsliv i Gloppen som ser verdien av det vi driv med i idrettslaga.  Accountor på Sandane har over 20 tilsette, og er såleis ein stor lokal arbeidsplass.  

Accountor heldt til i Sandane sentrum, i 2. etg over Intersport, og er lett tilgjengelege. Kundane melder tilbake til Accountor at rekneskapskontoret sitt lokale nærvær er avgjerande for dei. 

 Ein del av dei tilsette på Sandane, henta frå heimesida deira:



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.