BANO er med på laget!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Des 2021
BANO er ein viktig og god støttespelar for Fjellhug/Vereide il. I høve NM Halvmaraton 2022, som er lagt inn i Gloppen Halvmaraton 1. oktober neste år, har BANO og Fj/V inngått ein avtale som omfattar NM/Gloppen Halvmaraton i 2022 og 2023, samt Svinestranda Opp i same tidsrom.
Når vi veit at BANO er ei fantastisk og leiande bedrift i Noreg på sitt område (produksjon av baderomsmøblar for institusjonar), og når vi veit at dei er ei bedrift i ekspansjon her i Gloppen; ja då er det veldig kjekt for oss at vi får støtte og hjelp frå dei til arrangementa våre.
Deira reklamesegl og beachflagg vil vere å sjå på desse arrangementa i dei to neste åra. Applaus for ei god Gloppen-bedrift!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellhug/Vereide IL
KM Terrengløp - vi er arrangør
24.03.2024
Årsmøte 2024
15.03.2024
50 med på Kleivanerennet
25.02.2024
Treningsstemne innandørs - Resultat
02.02.2024
Trivselshalleikane 2024 - Resultatliste
27.01.2024