KM Terrengløp - Innbyding

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Mar 2022


Innbyding KM terrengløp 2022

 

Etter to års opphald har Fjellhug/Vereide Il igjen gleda av å inviterer til KM i terrengløp på Sandane.  

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (bark/grus), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m. Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:      Torsdag 28. april, kl 18.00. 

Klassar og distansar:

- G/J 13 og 14 år:                      600 m

- G/J 15 og 16 år:                      1200 m

- G/J 17 og 18 år, menn/kv. junior (19 og yngre), KS,  og MV65+:  1800 m

- Menn senior og MV35-MV60:  3600 m

Påmelding: Via nettet, frist 27. april kl 23.00  www.eqtiming.no | EQ Timing  

Påmelding etter fristen, og inntil ein time før start: kr. 200,-

Startpengar:

* 13-14 år: kr. 60,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 40,-) 

* 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding etter fristen: tillegg kr. 100,-)

Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens (Sidan startpengane går opp for 15 og eldre til 200,- etter ordinær påmeldingsfrist, går også lisensen automatisk opp frå kr. 20,- til kr. 30,-)

* Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917

Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen, som er ope til kl 21.00 (Firdahallen).  Toalett i startområdet på Myra.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse 

Parkering: Det er løyve til å køyre gang- og sykkelvegen opp til grusbana på Myra ved dette arrangementet.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.