Frydenbø, Odd Bjørn og BYD!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Mai 2022


Frydenbø er ein av hovudsponsorane for NM/Gloppen Halvmaraton 2022.  Odd Bjørn Hjelmeset er kanskje deltakar.

Då var det svært naturleg å ta ein liten fotoseanse på Frydenbø i Mona, der sjefen, Jo Inge Solberg og Odd Bjørn poserer med flaggskipet mellom elbilane i stallen:  BYD Tang

Frydenbø Bil Sandane  og Jo Inge har ein god filosofi overfor lag og organisasjonar som jobbar med born og ungdom: Å vere med å støtte friviljug innsats i bygda er ein positiv ting, som er vinn-vinn for begge partar. Dette set vi i idretten stor pris på!

Odd Bjørn fylte nett 50 år, og Fjellhug/Vereide il viste han litt merksemd ved å invitere han til haustens halvmaraton, der han skulle ha ein god sjanse til å bli noregsmeister i sin klasse.  Han fekk seg også ei Fjellhug/Vereide t-skjorte med 50 på ryggen, ein rygg som vi glopparane reknar med han viser konkurrentane.

Takk til Frydenbø Bil for sponsorstøtte, og vil du lese meir om el-bilen BYD Tang, er det berre å følgje linken.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.